NRK Meny
Normal

Vill vest på Vekao-opning

SOGNDAL (NRK): Sjølv om konsertane er hovudingrediensen, er Vekao-programmet krydra med ei rekkje andre spenstige aktivitetar.

Gå til forsiden

Vill vest på Vekao-opning

Vill vest på Vekao-opning

Vill vest på Vekao-opning

13 bilder

    I går starta studentfestivalen Vekao i Sogndal. Men sjefen for det heile var oppteken med heilt andre ting.

    – Eg var ein tur i snøhola, eg, seier, Frida Isungset.

    Snøholeturen var ikkje ein del av vekao-programmet, men del av praksisen ho tek ved vidaregåande i Sogndal. Likevel, det manglar ikkje på aktivitetar å velje mellom for studentane dei komande dagane.

    – Viktig å vere allsidig

    I går var det quiz og opningskonsert med Damien. Dagen etter var det railjam og rodeo utanfor høgskulebygget, flammeslukingskurs og ny konsert på Meieriet. Og slik vil det halde fram.

    Akkurat som sjefen vil ha det.

    – Det viktigaste for meg har vore at det skal vere allsidig. At alle skal kunne finne noko dei har lyst til å vere med på, seier Isungset.

    Ho seier det er viktig at det er noko som skjer på vinterstid, også for dei som ikkje likar å stå på ski.

    – Det er eit kulturarrangement, som når alle studentane. Det er med å samle dei på ein god måte. Og ikkje minst, så er det kjekt, seier ho.

    Ønskjer å få med sogndølane

    Men Vekao er ikkje berre for studentane. Isungset seier eit viktig mål for Vekao, er å gje noko tilbake til lokalsamfunnet.

    – Særleg på konsertane er det mange lokale blant tilskodarane. Men vi vil gjerne ha dei med òg på dagsarrangement, seier ho.

    Det er ein stor innsats som skal til for å få alt til å gå på skinner. Som sjef har ho med seg elleve stykk i arrangementskomiteen, i tillegg til over hundre frivillige.

    – Så det er nok av folk som bidreg for å få dette her til, seier Isungset.

    Med så mange ting som skjer utandørs, prisar ho seg lukkelege over at vêret verkar å spele på lag.

    – Det er heilt tipp, topp, seier Isungset.

    Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
    Første i Norge som har vektløfting som valgfag.