Hopp til innhold

Vilde og Anna sitt beste råd: – Nyt og ha det kjekt

I fjor sjarmerte Vilde og Anna frå Eid heile Norge då dei vann MGPjr. Laurdag kveld fekk dei overrekke prisen til årets vinnar.

Vilde, Oselie og Anna

STOLTE: Oselie Henden (i midten) saman med fjorårets vinnarar Vilde Hjelle (t.v.) og Anna Naustdal.

Foto: Hege Naustdal

Og som alle sikkert har fått med seg, vinnaren blei Oselie Henden (14) frå Eid.

– Vi blei veldig glade då ho vann. Det var veldig kjekt, seier Vilde Hjelle (14) og Anna Naustdal (13) på telefon frå Oslo.

Oselie Henden

GLAD VINNAR: Oselie Henden vann med songen «Verda vår» som handlar om flyktningkrisa.

Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

15.000 publikummarar og fleire hundre tusen TV-sjåarar fekk med seg at ei jublande glad Oselie (14) blei ropt opp som vinnar med songen «Verda vår».

– Vi unner ho det så mykje. Det var stas, men samtidig litt rart å gi trofeet til nokre andre, seier fjorårets vinnarar.

– De har fått oppleve mykje dette siste året. Har de nokre gode råd til Oselie?

– Ja, nyt og ha det kjekt. Det er det beste rådet.

Gir skryt til kulturtilboda

Og det at jenter frå Eid har vunne MGPjr-finalen to år på rad, er ekstra stas.

– Det er veldig kult. Det seier litt om plassen vi er frå, seier Anna.

– Ja, kva trur du er årsaka til denne suksessen?

– Vi har UKM, kulturskulen og operahuset, og vi har gode lærarar som hjelper oss med musikken.

MGPjr

FEKK OVERREKKE PRISEN: Fjorårets vinnar Vilde og Anna fekk gi prisen til Oselie Henden.

Skal feire med kaker

Også ein glad og stolt ordførar Alfred Bjørlo (V) trekkjer fram det kulturelle tilbodet i Eid.

– Born og unge får utfalde seg. Vi har skapt ein arena for dei, det å få stå på scena i ung alder og få hjelp av proffe instruktørar. Dei unge blir flinke og dei heier på kvarandre, sa han laurdag kveld rett etter at Eid nok ein gong kunne juble over ein MGPjr-vinnar.

Måndag kveld kl. 18 blir det feiring av Oselie i Operahuset på Nordfjordeid.

– Det blir ope hus med kakefest og underhaldning, lovar ordføraren.

HØYR JUBELEN: Her fortel Oselie Henden korleis det var å vinne. Foto: Asgeir Reksnes, NRK