Hopp til innhold

Vilde (29) går i fotspora til foreldra

At Vilde Jensen Hjetland vart kunstnar er kanskje ikkje så rart. No har ho etablert seg som tekstilkunsnar på Kvamsøy i Balestrand, der foreldra i årevis har sysla med sine kunstformer.

Vilde Jensen Hjetland

FYRER OPP MED FARGAR: Vilde Jensen Hjetland i atelieret sitt.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

29 år gamle Vilde er utdanna på Kunsthøgskulen i Bergen. Nyleg fekk ho 50.000 kroner i etablerarstipend frå Sogn og Fjordane fylkeskommune, og ho satsar på ei framtid i kunstnarheimen med utsyn over Sognefjorden.

– Plassen er spesielt sjarmerande i dette finvêret. Det går verkeleg ikkje an å klage.

Når ho får spørsmål om kvifor ho har valt å satse på å vere tekstilkunstnar på Kvamsøy, kjem svaret kontant.

– Det enkle svaret er at eg klarar ikkje la vere. Men eg kjem nok til å stille meg sjølv spørsmålet fleire gonger, for på mange måtar er det absurd å velje det. Men eg har ein evig fascinasjon for tekstilar. Det har vore eit slags ritual frå eg var lita og sat og putla med nål og tråd.

– Å vere kunstnar er det normale

Og det står ikkje til å nekte at det har spelt ei rolle at foreldra er kunstnarar. Vilde Jensen Hjetland er keramikar, og Geir Hjetland er skulptør.

– Når mamma og pappa er på jobb blir det å vere kunstnar det normale. Og kunstnarmiljøet i Sogn og Fjordane er i bekjentskapskrinsen vår. Det er det som er normalen min.

Geir Hjetland, Magni Jensen og Vilde Jensen Hjetland

FORELDRE OG KOLLEGAER: Far Geir Hjetland, mor Magni Jensen og dotter Vilde Jensen Hjetland.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

På tunet har dei tre kvar sine verkstader. Pappa Geir seier han såg fort at Vilde kom til å bli kunstnar.

– Det låg vel i korta ganske tidleg. Ho fann fort den meditative tilstanden. Det var mykje putling, ho dreiv på med eitt eller anna heile tida. Vi var litt skeptiske. Skal ho og i gang med dette løpet? Så vi har teke nokre rundar om dette er det rette.

– Så mykje å lære

Vilde ser på foreldra som mamma og pappa, men også som kollegaer.

– Det er veldig rikt å ha desse to dyktige handverkarane med flotte verkstader der det er mogeleg å skape eitt og hitt. Det er kjempespennande, det er så mykje å lære.

Ho og faren har hatt eit utsmykkingsoppdrag saman, i Svelgen. Ho har vore med mora i keramikarverkstaden hennar, og ho har lært å sveise av faren. med andre ord er det ikkje berre tekstil ho kan arbeide med.

Vilde Jensen Hjetland

– EIN EVIG FASCINASJON FOR TEKSTILAR: Vilde Jensen Hjetland har putla med stoff og papir sidan ho var lita.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Kostyme til Thea Hjelmeland

Vilde er veldig glad i fargar.

– Ja, fargar skal ein ikkje spare på. Det er veldig greitt når bakgrunnen her i huset er kvit, så då er det berre å fyre opp med fargar.

Og ei av dei som innimellom viser seg i fargerike kreasjonar signert Vilde Jensen hjetland er artisten Thea Hjelmeland frå Førde.

– Eg er så heldig at eg har nokre gode venninner. Thea har eg laga kostyme saman med, det same har eg med Marita Vangen Bratteteig (frå Lærdal) i Cabaret Macaber. Til begge har eg laga collage i papir.

– Og så har eg ei storesøster, Julie Hjetland, som også er musikar. Vi to jobbar saman om det visuelle.

Akkurat no driv ho med nålfilting, og ho vedgår at ho er særleg glad i ull.

– Eg har ikkje ull på meg no, men eg plar å ha ullskjerf og ullabbar på meg heile året. Eg synest det er viktig, for det er eit lokalt materiale som høyrer heime i vårt kalde klima. Vi har sauer rundt oss.

Kunstnarheimen til Jensen/Hjetland på Kvamsøy

KUNSTNARTUN: Framfor det vesle huset der Vilde har atelieret sitt har mora Magni sett ut litt av keramikkarbeidet sitt.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

– Flott at ikkje alle går i stim i byane

Det ho held på med no er på veg til å bli ein krage i ein sjøgrøn farge.

– Ofte veit eg ikkje heilt kor det ber hen, men slik det ser ut no blir det ein krage. Det er pukkelrygg på den, så dette er ein som vil manipulere kroppen litt, slik at det blir eit heilt anna vesen når du får den på.

Men andre gonger har Vilde ein klar idè om korleis produktet skal sjå ut når det er ferdig.

– Då jobbar eg mot det og vel materiale og teknikkar som vil løyse problema. Eg må heile tida tenke kroppsnært. Kva skjer når det kjem på kroppen? Eg tenker meir at tekstil er skulptur enn at det er klesplagg.

Geir Hjetland seier at det går veldig fint å vere tre i lag i kunstnarheimen på Kvamsøy. Han er glad for at dottera har valt heimfylket.

– Det er flott at det er nokon unge som vil etablere seg i Sogn og Fjordane og ikkje stormar til byane og går i stim der.

Og Vilde seier ho blir verande.

– Det er det eg ser for meg. Som sagt har eg det skikkeleg godt her.