Hopp til innhold

Vilde (25) skal konkurrere mot verdas beste konditorar

FØRDE (NRK): På Naustdal dampbakeri ligg Vilde Nistad Strandos i hardtrening. Dag og natt øver ho på å lage søte saker i ulike figurar og skulpturar, for snart nærmar det seg eit verdsmeisterskap.

Vilde Nistad Strandos, VM konditorfag, Naustdal dampbakeri

NERVAR: Som konditor legg Vilde Nistad Strandos sin elsk på å pynte kaker. Det blir det mykje av i kvardagen på Naustad dampbakeri. På ein vanleg dag går det unna med mellom 20 og 30 kaker.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

Tidleg onsdag morgon står ho med armane godt nedi ein 20-litersbalje med smørkrem, men når ho skal overtyde dommarane i München om halvannan veke, blir det andre bollar – og vesentleg mindre mengder.

– Det blir spennande. Eg må gjere så godt eg kan, og gjere det eg har øvd på, seier den unge konditoren.

Ingen norsk tradisjon

19. og 20. september skal ho konkurrere mot verdas beste konditorar under 25 år. På oppgåvelista står ein skulptur i sukker, ein desserttallerken, ei moussekake, fire typar konfekt og fire typar figurar i marsipan. Alt dette skal ho lage medan nervane står i heilspenn.

– No har eg laga denne sukkerskulpturen to gonger, og dei er ikkje gode nok mot resten av verda, seier Vilde sjølv.

Konditor, Vilde Nistad Strandos, sukker,

SUKKERBLOME: I VM skal Vilde lage ein såkalla masterpiece – ein skulptur av sukker.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

Vilde Nistad Strandos er einaste nordmann i konkurransen, og det er fyrste gongen på mange år at Noreg deltek i VM for unge konditorar.

– Difor er dette ein konkurranse som vi kan lære av alle saman, så får vil heller sikte høgare neste gong, seier Vilde.

– Eg vil sjølvsagt gjere det så godt som mogleg, men eg tør ikkje håpe på topplassering.

Kjekt å vere kreativ

Allereie før klokka åtte om morgonen har Vilde tjue kakebotnar på arbeidsbenken som skal smørjast med sjokoladekrem. Slik er kvardagen på Naustdal dampbakeri. Og Vilde blir ikkje lei.

Naustdal dampbakeri, VM konditorfag, Vilde Nistad Strandos

MARSIPANFIGURAR: Ei av oppgåvene Vilde får under VM er å lage fire ulike figurar i marsipan. Her har ho øvd seg.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

– Ein blir vand til det. Det er veldig kjekt å kunne vere kreativ og dandere kakene på forskjellige måtar.

Av og til må ho også ty til smakssansane.

– Ein må jo passe på at det ein lagar er godt og smake litt, men ein må sjølvsagt avgrense seg, seier ho, medan ho piskar saman smør, melis og kakao til ein luftig krem.

Hardtarbeidande talent

Det blir ikkje smørkrem når ho skal vise seg fram i VM om ei lita stund, men det er her på bakeriet ho har danna grunnlaget for deltakinga. Bak ligg det mykje trening.

– Ein må starte ein plass, sånn er det berre. Her driv eg hardtrening etter jobb til langt utpå kvelden, seier Vilde.

I 2014 kom ho på førsteplass i NM for unge konditorar, og i fjor vart det tredjeplass i Nordic Pastry Cup. Der fekk ho også pris for beste kake og beste desserttallerken.

Vilde Nistad Strandos, VM i konditorfaget, Naustdal dampbakeri

FULLT KØYR: Det er travle dagar for ein VM-deltakar. Når arbeidsdagen er omme, brukar ho resten av dagen på å øve.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK