Hopp til innhold

Det starta med ei facebookmelding i mars...

Vilde Lorentzen (18) har drive med musikk og tatt songtimar sidan ho var liten. No håpar ho å gjere musikken til leveveg.

Vilde Lorentzen (18) frå Hyllestad håpar å kunne leve av musikken sin.

SJÅ VIDEO: Vilde Lorentzen (18) frå Hyllestad håpar å kunne leve av musikk. Foto/redigering: Silje Bråstad, NRK

18-åringen frå Hyllestad har allereie fått smake litt på musikklivet, då Vilde Lorentzen i juni deltok i den største europeiske online musikkonkurransen, Euro Music Contest.

«Daughter of a King», som er artistnamnet hennar, er elev ved Danielsen vidaregåande skule i Bergen.

Vilde Lorentzen

ARTIST: Vilde Lorentzen frå Hyllestad spelte og song seg til ei topp 10-plassering i Paris.

Foto: Privat

– Det starta jo i mars då ein som jobba for musikkonkurransen tok kontakt med meg på Facebook. Han hadde funne musikken min på soundcloud.com og ville rekruttere meg til konkurransen, fortel Lorentzen, eller «Daughter of a King» som er artistnamnet.

Ho held seg til indie-musikk, og det gjekk tydelegvis heilt heim hos publikumet. Med 1.324 røyster, vart 18-åringen frå Hyllestad Norge sin representant til juryutvelginga.

Der hadde dei også 40 andre nasjonale vinnarar på bordet.

– I juryen sat musikkfolk frå heile Europa, som plukka meg ut blant ti finalistar til finalen i Paris, fortel artisten som med det viste ryggen til ikkje mindre enn 3.267 konkurrentar.

Deeper Upper frå Litauen gjekk til slutt heilt til topps i finalen- utan at det gjorde Lorentzen så frykteleg skuffa.

– Eg blir veldig, veldig glad når eg held på med musikk. Det er difor eg driv på med det. Det hadde vore veldig kult å kunne leve av det til slutt, avsluttar ho.