Hopp til innhold

No skal dei vurdere eksklusjonssak mot Jacob Nødseth

Flora-politikar Jacob Nødseth kan i ytterste konsekvens bli ekskludert frå partiet Høgre som ein følgje av alt bråket mellom han og partifeller.

Jacob Nødseth (t.v.) og Vidar Grønnevik

STRIDENS KJERNE: Jacob Nødseth og Vidar Grønnevik er på ingen måte gode vener i Flora-politikken.

Foto: A til Å reklamebyrå / Heidi Lise Bakke / NRK

Det har lenge vore ein tung konflikt mellom Nødseth og hans støttespelarar på eine sida og leiar Vidar Grønnevik og hans støttespelarar på den andre sida.

Dette toppa seg i januar då Jacob Nødseth skulda Grønnevik for rolleblanding i samband med at sistnemnde vart hyra inn som konsulent for det kommunalt eigde Flora Næringseigedom AS (FNAS). Samstundes som Grønnevik både er bystyrerepresentant og styremedlem i FNAS.

– Braut reglement

– Det er interessant at dette er vedteke i styret. Det er ei openberr habilitetskonflikt, som vi må ta på alvor. Kvifor skal vi som politikarar ha ei så høg godtgjersle når ein berre kan leige inn sitt eige firma til å gjere samme jobben, sa Nødseth til NRK i januar.

24. januar vedtok kontrollutvalet i Flora bystyre at ein ikkje vil sjå nærare på denne saka, og avviste dermed skuldingane frå Nødseth om rolleblanding.

Bystyregruppa i Flora Høgre meiner Nødseth braut lokallaget sitt gruppereglement då han gjekk ut og skulda leiar Vidar Grønnevik for rolleblanding i ei sak.

– Eksklusjon eit verkemiddel

Grønnevik er varsam med å uttale seg om framtida for Nødseth i Flora-politikken, men sler fast at styret no skal sjå nærare på det som har skjedd.

– Når eit i eit parti har virkemiddel i forhold til saker i partiet, så er ekslusjon eit av desse. Men det er ei verkemiddel ein sjeldan brukar og helst ikkje bør bruke. Det er i tilfelle siste utveg om det skal brukast, seier Grønnevik til NRK.

Vil ikkje forskottere

Som leiar i Flora Høgre er det Grønnevik som sit med nøkkelen til vidare handsaming av den betente striden i kommunepartiet.

– Bystyregruppa har sendt ei sak over til styret og bede oss handsame den. Den skal styret ta opp i løpet av nokre veker. Kva styret vil velje å gjere når dei skal handsame saka verken kan eller vil eg forskottere, sler Grønnevik fast.

Hilmar Eliasson

UTMELD: Hilmar Eliasson har meld seg ut av Flora Høgre i protest mot behandlinga av Jacob Nødseth

Foto: Bård Siem / NRK

Vil ikkje kommentere

Jacob Nødseth vil ikkje kommentere saka, ut over at han vil henta inn juridisk bistand i denne saka.

Ein av Jacob Nødseth sine støttespelarar, Hilmar Eliasson, vart måndag kveld helga vraka til styreplass i Flora Høgre. I dag vart det kjend at han melder seg ut av partiet i protest og kjem til å møte som uavhengig representant resten av perioden.

– Eg har lenge etterlyst at Vidar kunne legge kjepphestar til sides og komme Jacob i møte. Eg synes ikkje at styret har bidrege til å skape ro i partiet, seier Eliasson til Firdaposten.

– Kan ikkje tvinge

Hanne Husebø Kristensen

KRITISK: Leiar i bystyregruppa, Hanne Husebø Kristiansen.

Foto: privat

Gruppeleiar for Flora Høgre i bystyret, Hanne Husebø Kristiansen, har tydeleg vore svært oppgitt over den årelange striden i partiet.

– Ein kan ikkje tvinge vaksne folk til å bli vener. Men eg hadde trudd at ein kunne lage eit regelsett som ein kunne bli einige om å fungera etter, og det har det fram til no, fungert slik som det var tenkt. No viser det seg at det ikkje fungerer lenger, sa Husebø Kristensen til NRK nyleg.