Han kan bli vraka frå stortingslista

Ei rekkje lokallagsleiarar i Høgre i Sogn og Fjordane vil vrake Jakob Nødseth frå partiet si stortingsliste til valet i 2013.

Jacob Nødseth

VARA: Jakob Nødseth har sidan 2009 vore vara for Bjørn Lødemel på Stortinget. Fleire lokallagsleiarar synst ikkje han bør halde fram som det.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Den unge politikaren har vore innblanda i ei rekkje konfliktar dei siste åra. Nyleg vart det kjent at han skal ha sjikanert og truga ein fem år yngre partifelle på tekstmeldingar og i e-postar.

Leiar i Balestrand Høgre, Lars Trygve Sæle, er ein av dei som ikkje vil at Florø-politikaren skal halde fram som vararepresentant til Stortinget.

– Personleg så synst eg ikkje dette er noko god søknad til ein stortingsplass, seier Sæle til NRK.no.

– Kjem du til å støtte kandidaturet hans?

– Det trur eg sit langt inne.

Kritiske til den politiske stilen

Mykje tyder på at Jakob Nødseth får store problem med å bli nominert på nytt på Høgre si stortingsliste til valet i 2013. Ei rekkje lokallagsleiarar i Høgre som NRK har snakka med, vil nemleg vraka politikaren frå Florø.

Lokallagsleiarane seier det er to hovudgrunnar til det. Alle konfliktane rundt Nødseth og den politiske stilen hans.

– Det er klart det er alvorleg. Når Høgre har eit stortingsmandat frå fylket er det viktig at dei personane som skal forvalte det mandatet gjer ein god figur, seier Sæle.

– Bør det ikkje vere takhøgd i Høgre for at ein skal kunne halde på slike openberre politiske talent sjølv om dei er omstridde?

– Sjølvsagt, og i Høgre er det høgt under taket. Men det er jo den praktiske politikken som er viktig og då er det viktig med personlege eigenskapar. Mellom anna evne til å inngå kompromiss og det å få ting i rett retning, seier Sæle vidare.

Truga og sjikanerte yngre politikar

Dei siste dagane har det på nytt storma rundt Jakob Nødseth. Den 23 år gamle politikaren skal ha sjikanert og truga den fem år yngre leiaren i Sogn og Fjordane Unge Høgre, Embla Belsvik. Dette skal ha skjedd i både tekstmeldingar og e-postar.

Personkonflikten har ført til ein avtale som seier at Nødseth ikkje skal ha politiske verv for Høgre på fylkesnivå.

Dette går inn i ei rekkje av kontroversar rundt Nødseth, som øydelegg for Sogn og Fjordane Høgre og som viser at Nødseth ikkje er skikka for Stortinget, seier Sjur Atle Austrheim, gruppeleiar for Høgre i Gloppen.

– For å vere ærleg så tenkjer eg at han må bli meir moden for å få det vervet igjen, seier Austrheim til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ragnar Hagen

TREKTE SEG: I 2009 trekte Ragnar Hagen seg som lokallagsleiar i Vågsøy Høgre. Dette gjorde han i protest mot at Nødseth fekk andreplassen på partiet si stortingsliste.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

Trekte seg i protest mot Nødseth

NRK har snakka med leiande politikarar i atten lokallag i Høgre. Ti av dei ønskjer ikkje å kommentera saka fordi ho ikkje har vore drøfta i lokallaget.

Sju vil ikkje at Nødseth skal bli renominert. Ein av dei er Ragnar Hagen, leiar i Vågsøy Høgre.

Han fortel for første gong at han trekte seg som lokallagsleiar før valet i 2009, i protest mot at Nødseth fekk andreplassen på stortingslista.

Hagen vil ikkje bli intervjua på radio, men fortel at han ikkje ville driva valkamp for ein politikar han ikkje kunne stå inne for. Hagen meiner Nødseth bør trekkja seg som kandidat til Stortinget.

– Han er grundig

Den eine lokallagsleiaren som støttar Florø-politikaren, er Jens Friis i Høyanger.

– Kanskje er det mykje blest omkring Jakob, men det kan vere fordi han er så pass flink og så grundig og om seg med mange ting, seier Friis.

Også internt i Flora Høgre har det vore misnøye med bystyremedlem Nødseth sin politiske stil. Ein langvarig konflikt med tidlegare ordførar og Ap-politikarar Bente Frøyen Steindal kulminerte før jul då Nødseth gjekk til personleg åtak på henne. Fleire Høgre-representantar var kritiske til Nødseth sin bruk av personkarakteristikkar. Nødseth på si side meinte at han ikkje hadde gått over streken.

(Artikkelen held fram under biletet)

Arve Mjømen

HAR PRØVD: Arve Mjømen seier fylkespartiet har prøvd å vere gode rågjevarar for Nødseth, men vedgår at dei ikkje har klart å gjere ein god nok jobb.

Foto: Høgre

– Vi har ikkje gjort ein god nok jobb

Misnøya med Nødseth frå grunnplanet i partiet kjem ikkje overraskande på nestleiar i Sogn og Fjordane Høgre, Arve Mjømen.

– Etter den siste biten så er det klart mange reagerer og synest at det kanskje ikkje er på sin plass med alt som skjer, seier Mjømen.

Han seier dei mange konfliktane som har oppstått rundt Nødseth har vore lite ønskt.

– Vi har brukt mykje energi på det og vi prøver å vere gode rådgjevarar. Men det seier seg sjølv at det ikkje er alt vi når i mål med eller får resultat av, seier Mjømen.

– Har de i Høgre-leiinga gjort ein god nok jobb for å rettleie Nødseth?

– Du kan vel seie det slik at så lenge det er slik så har vi aldri gjort ein god nok jobb.

– Eg trur nok at det som kjem fram frå NRK sin ringjerunde til lokallagsleiarane, og det som ein kjenner til frå før, ikkje har gjort situasjonen enklare.

NRK har vore i kontakt med Jakob Nødseth, men han ønskjer ikkje å kommentere saka.