Hopp til innhold

Skimiljøet vil lære av den skremmande skredlaurdagen

– Det var overraskande og skremmande for dei fleste, så vi ynskjer å vite kvifor og korleis det skjedde, seier styreleiar Tor Yttri i Bratt Moro om den dramatiske skredlaurdagen i Sogndalsdalen.

Markus Landrø

EKSPERT: Markus Landrø er ein av landets fremste ekspertar på snøskred og håpar å gje skimiljøet i Sogndal svar på kvifor laurdagen vart så dramatisk i Sogndalsdalen.

Foto: Privat

Laurdag vart det sett i gang storstila leiteaksjonar etter fleire snøskred i Sogndalsdalen. Det største, på fleire hundre meters breidde, i Blåfjell-bollen.

Tor Yttri

VIL LÆRE: Tor Yttri håpar så mange som mogleg stiller når skredlaurdagen blir forklart og summert opp førstkommande onsdag.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Onsdag hentar Fjellsportfestivalen Bratt Moro ein av Norges fremste ekspertar på snøskred, Markus Landrø, til bygda for å finne svar – og for å lære av hendinga.

– Det var veldig spesielt, og har knapt nok skjedd før etter det folk kan minnast. Det vart så veldig og store snømengder, seier Tor Yttri, styreleiar i Bratt Moro.

Forstod faren

Landrø er i dag tilsett som overingeniør i NVE, er fjellførar og mannen bak boka «Skredfare». I 2013 vann han Den store fjellsportprisen mellom anna for si sentrale rolle i etableringa av skredvarslingstenesta varsom.no.

Han var sjølv i Sogndalsdalen fredag, og skjønte då at rasfaren kunne auke.

Created by InfoDispatcher

SJÅ TV-SAK: Stort flakeskred i Sogndalsdalen. (FOTO/REDIGERING: OLE ANDRE REKKEDAL/NRK)

– Det byrja å blåse og då blir snøoverlata hardare. Samstundes var temperaturen tre-fire-fem minusgrader og då får ein flakdannelse. Eg vart ikkje særskilt overraska over at skredfaren vart opplevd som meir dramatisk dagen etter, seier han.

Uvanleg i Sogndalsdalen

Snøskred ved Blåfjell i Sogndalsdalen

FLAKESKRED: Storleiken på flakeskredet i Blåfjell-bollen sjokkerte skimiljøet i Sogndal.

Foto: Marta Stina Lidström

Og det var nettopp dette som skjedde i helga. Landrø er heller ikkje overraska over at skredaktiviteten har sett ein støkk i skimiljøet. For stikkorda er vedvarande svake snølag. Ein situasjon som er uvanleg i Sogndalsdalen, men heller regelen enn unntaket i Landrø sine heimlege trakter, Hallingdal.

– I Sogndalsdalen har ein i mange år sloppe unna fordi snødekket er så stabilt og bra. No er vi i ein situasjon der vedvarande svakt lag gjer at ein kan løyse ut store skred.

Snøskred på Blåfjell
Foto: Marta Stina Lidström

– Når ein har kalde klare netter, så dannar det seg rim på overflata. Så snør det ned. Lenger nede har vi kantkorna snø som dannar seg, som også snør ned. Desse to laga har ei veldig god evne til å forplante eit brot, fortel Landrø og legg til at slike situasjonar gjer at ein må vere ekstra varsam i fjellet.

Brota går under snøen

– Du kan løyse ut skred utan å stå i sjølve henget. Du kan stå på ei flate og skape eit brot i laget og utløyse skred i henget framfor deg. Du kan også gå på ein ryggformasjon der snødekket er litt tynnare, du påverkar det svake laget og brotet spreier seg under snøen til eit heng som løysast ut, seier Landrø.

Landrø fortel at skreda laurdag vart utløyst av skiløparar som skapte brot i det svake snølaget. Brotet spreidde seg under snøen. I tillegg løyste skiløparar ut skred i sjølve henget.

Snøskredet i Sogndalsdalen
Foto: Jan Helge Aalbu

– Kva må skiløparar vere merksame på?

– Dei mest openberre teikna er drønn, skytande sprekkar og «vomm»-lyd. Dersom ein ikkje veit kvar overflaterimet ligg, så ser du det ikkje før du grev deg ned. Alternativ to er å halde seg unna skredterreng, brattare enn 30 grader og halde klar av fjellsider.

– Følg med på skredvarslinga

– For dei meir peiling kan oppsøke heng der snøen er ubunden og ikkje kan danne flak. Der kan du ha svake laget utan å løyse ut skred, legg Landrø til.

Med fine dagar og forlokkande snødekte heng dei neste dagane, oppmodar Landrø folk til å følgje godt med på skredvarslinga. Sjølv om skredvarslinga viser skredfaregrad tre, kan det vere lokale variasjonar.

– Det viktigaste er å følgje med på kva som er skredproblemet og om det gjeld for den turen der du har tenkt deg, seier han.

Finne svare saman

Til samlinga i Sogndal onsdag kveld håpar han at dei som var i fjellet i helga møter og medverkar med sine historier og bilete.

– Saman skal vi sjå på kva som skapte det svake laget, kva som skjedde etterpå, kvifor det losna og kvifor skredet vart så stort. Dette var veldig og overraskande for mange, og vi håpar samlinga kan vere eit førebyggande tiltak så ein er betre budd neste gong, avsluttar han.