NRK Meny
Normal

No vil Anders vinne verdscupen samanlagt

Hopplandslaget står framfor ein hektisk innspurt på sesongen, med ni renn på litt over to veker. Anders Fannemel håpar å plassere seg i toppen av verdscupane samanlagt.

Anders Fannemel

OFFENSIV: Anders Fannemel byrjar å bli sliten etter ein lang sesong, men har planar om å samle krefter til fleire høgdepunkt på tampen av sesongen. Her jublar han etter å ha sett verdsrekord i Vikersund.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

– Eg håpar at eg skal vere med og prege resultatlista i toppen. Det hadde vore kult å komme på pallen i verdscupen samanlagt. Dessutan er eg veldig nær førsteplassen i verdscupen i skiflyging, seier Anders Fannemel.

Saman med resten av hopplandslaget reiser han torsdag til Lahti. Han har hatt nokre rolege dagar etter suksessen i Vikersund og Falun – men no blir det full fres i to og ei halv veke.

I tur og orden ventar Lahti, Kuopio, Granåsen, Holmenkollen og Planica.

Skal bli verdas beste skihoppar

Fannemel er suverent beste nordmann i verdscupen samanlagt, der han ligg på fjerdeplass med 1058 poeng. Opp til Peter Prevc i teten er det om lag 200 poeng, men det er mogleg å måle krefter med Stefan Kraft og Severin Freund på andre- og tredjeplass.

Sjansane til å vinne samanlagt er likevel langt større i verdscupen i skiflyging, der det er kort veg opp til toppen. Det heile blir avgjort i Planica.

– Det er eit teikn på at eg er ein av dei beste hopparane når eg ligg i toppen. Eg har lyst til å vere verdas beste skihoppar, og å vinne verdscupen samanlagt er eit steg på vegen, seier Fannemel.

Fannemel med et hopp på 251,5 meter og ny verdensrekord

VERDSREKORD: Sjå Anders Fannemel setje verdsrekord i skiflyging.

Er sliten er ein lang sesong

Honndølen skapte virak i heile idretts-Norge då han ikkje landa før på 251,5 meter i Vikersund. Med verdsrekord i bagasjen reiste han til VM i Falun, der han heldt fram den stabilt gode hoppinga i verdstoppen.

Individuelt vart det ein sjuandeplass som beste resultat i den store bakken, men saman med resten av hopplandslaget avslutta Fannemel meisterskapen med VM-gull i lagkonkurransen.

– Det fungerer veldig bra om dagen, og det har det eigentleg gjort i heile vinter. Men eg er på eit litt høgare toppnivå no, seier han.

– Korleis er formen før innspurten?

– Eg er litt sliten etter ein lang sesong. Men det reknar eg med at dei andre er også, så det er berre å køyre på med det ein har igjen av krefter og overskot.