Hopp til innhold

Vil verne Vigdøla mot utbygging

Aksjonistane fekk viljen sin i vestsideelvane i Jostedalen, men gir seg ikkje der. No vil dei også stogge kraftutbyggingane i Vigdøla.

Vigdøla
Foto: Statkraft

- Eg har ikkje problem med å forstå at Statkraft vil byggja ut eit så rimeleg alternativ som det er snakk om her. Men vigdølene føler at dei har gjeve nok til kraftutbygging, seier Kari Bakke, leiar for grendalaget i Vigdalen til Sogn Avis.

Statkraft sine utbyggingsplanar har splitta folk i Jostedalen, og motstandarane vann ein stor siger før helga då planane om å bygga ut elver på vestsida av Jostedalen vart lagt vekk.

Varslar ny kamp

Dette vart kjent før helga, men allereie i måndagsutgåva varslar aksjonsgruppa mot utbygging i Jostedal nye kampar. Planane om å bygge ut Vigdøla, som renn gjennom ein sidedal til Jostedalen ligg framleis på bordet og er meir lønsame enn utbyggingane som vart lagt vekk.

- Viktig for turisme

- Elva er viktig i høve til planar om meir turisme i dalen. Det er småaure i elva som vil forsvinna ved ei kraftutbygging, og dette fisket kan nyttast i turistsamanheng. Me bur i randsona til Breheimen nasjonalpark og er pålagd ei rekke restriksjonar i høve til bruken av området. Så kjem Statkraft og kan ta seg til rette på denne måten. Det blir heilt feil, seier Bakke som er frå garden Syneshaug øvst i Vigdalen til Sogn Avis.

Aksjonsgruppa varslar no at dei ikkje kjem til å gje seg før dei får det svart på kvitt at det heller ikkje blir noko utbygging av Vigdøla.