Hopp til innhold

Vil verne HV-11 etter romjulsorkan

Mannskap frå Heimevernet har vore til stor hjelp etter romjulsorkanen. No krev sentrale politikarar at forslaget om nedlegging av HV-11 blir forkasta.

HV-øving i Kråkenesmarka

VIL VERNE HV-11: Fleire sentrale politikarar meiner innsatsen Heimevernet har gjrot etter orkanen syner behovet for å oppretthalde HV-11.

Foto: Steinar Lote / NRK

Forsvarssjefen har gått inn for å leggje ned HV-11, Heimevernet si avdeling som dekkjer storparten av Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Protestane har vore mange, og etter romjulsorkanen har dei som kjempar for å oppretthalde avdelinga fått endå eit argument.

Soldatar frå Heimevernet har gjort ein betydeleg innsats for å rette opp skadane, argumenterer politikarane.

Det er dei som trår til når noko dramatisk skjer

Mannskap frå fem ulike heimevernområde har vore i sving med arbeid etter «Dagmar» sine herjingar. Seinast rett før helga var HV-soldatane med på å leggje ny straumkabel til Navelsaker i Eid.

Stortingsrepresentant Åge Starheim frå Framstegspartiet meiner romjulsorkanen syner kor viktig det er å oppretthalde eit fullverdig Heimevern, også lokalt.

Åge Starheim

KRITISK: Åge Starheim i Frp er kritisk til nedleggingsforslaget.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Erling Sande

VIL KJEMPE: Erling Sande i Senterpartiet seier dei vil jobbe for å styrke Heimevernet.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK
– Eg blir veldig forundra dersom fleirtalet på Stortinget går inn for å leggje ned Heimevernet, seier Starheim og legg til:

– Når det skjer noko drastisk og dramatisk, så er heimevernsstyrken veldig effektiv. Ikkje minst i forhold til at hurtig innkalling.

Vil ikkje påverke lokal innsats

Forslaget om å leggje ned HV-11 inneber at distriktskommandoen på Åndalsnes vert nedlagt, og flytta til Værnes.

Generalinspektøren for Heimevernet, Kristin Lund meiner ikkje forslaget vil påverke framtidig lokal innsats.

– Ein vil framleis ha dei områda der dei er i dag. Det er dei som er lokalkjende og har kunnskapen om desse stadane, seier Lund.

Forsvarssjef Harald Sunde sitt ønskje er at færre lokale offiserar i Heimevernet, vil gjere det lettare å få trent mannskapa til innsats. Ikkje minst til framtidas katastrofar.

Vil heller styrke Heimevernet

Men dette argumentet held ikkje for stortingsrepresentant Erling Sande frå Senterpartiet.

– Det blir eit paradoks at forsvarssjefen antydar at ein kan redusere heimevernet ytterlegare og sentralisere distrikta. Senterpartiet vil jobbe for at Heimevernet skal bli styrka, seier Sande.