NRK Meny

Vil vere sjølvstendige

Presset om å slå seg saman er stort, men styret i Høgskulen i Sogn og Fjordane vil framleis ha ein sjølvstendig høgskule. Det vart klart då høgskulestyret vedtok si høyringsuttale til Kunnskapsdepartementet om framtidas skulestruktur. Regjeringa vil ha færre og større institusjonar, og Høgskulen i Bergen ønskjer ei samanslåing med Sogn og Fjordane. Men Høgskulen i Sogn og Fjordane vil halde fram som i dag, i tett samarbeid med andre institusjonar. Mellom anna blir det vist til at lange reiseavstandar ikkje gjer det naturleg å slå seg saman.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.