Hopp til innhold

No vil Helse Førde vere meir opne om sjukehustabbar

Hittil har det vore lite offentleg informasjon om tabbar som vert gjort ved sjukehusa i Sogn og Fjordane. Det vil Helse Førde no endre på.

Sjukeseng

TING KAN SKJE: Helse Førde vil no vere meir opne om uønska hendingar ved sjukehuset. Det har mellom anna dei siste åra vore stort fokus på medikamenthandtering.

Foto: Rune Fossum (MMS-foto) / NRK

I Helse Førde skjer det kvart år ei rekkje uheldige hendingar som vert rapportert vidare. No vurderer helseføretaket å offentlegegjere desse hendingane.

Styreleiar i Helse Førde, Jorunn Ringstad, tykkjer det er positivt at ein no vil gå til det steget å få ut meir informasjon om det som skjer av uheldige hendingar.

– Det eg veit er jo at det på Helse Førde sine interne nettsider blir lagt ut einskilde saker, om ikkje konkrete så i alle fall ein del ting som gjer at ein kan ta lærdom av hendingar i føretaket. Det blir som sagt no vurdert i administrasjonen om dette er noko ein kan gjere litt meir systematisk enn det har vore gjort hittil, seier Ringstad.

Jorunn Ringstad

POSITIV: Jorunn Ringstad.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

På verstingliste

Seinast i fjor var Helse Førde på verstinglista over helseføretak som ikkje rapporterer uønska hendingar. Leiinga ved hesleføretaket tok tak i problemet med underrapportering, ikkje minst etter press frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Når Helse Førde no også vurderer å ofentleggjere informasjon om uønska hendingar som skjer i føretaket, er det eit initiativ som pasientombod Ove Mjåteveit helsar velkomen.

Ove Mjåtveit

POSITIV: Pasientombod Ove Mjåtveit.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Eit modig steg

– Eg synes det er ei gledeleg nyheit, veldig kjekt å høyre. Det signaliserer at dei er opptekne av uheldige hendingar, og eg er veldig glad for at dei gjer det og at dei tør å gjere det. Eg trur det er eit ganske modig steg, seier Mjåtveit.

– Kva kan ein tene på å offentleggjere den typen informasjon?

– Ein får jo faktaopplysningar om kva type feil som skjer. Fleire kan få innsyn i det og stille gode spørsmål til kvifor ting skjedde, og korleis det skjedde. Sjølvsagt vil dei svara dreie seg om korleis ein kan bli betre til å unngå hendingar.

Uvisst når

Helse Førde har i dag eit eige pasienttryggingsutval som kvart år handsamar ei rekkje av sakene som kjem på bordet frå dei ulike avdelingane. Fleire av desse sakene vert igjen då sendt vidare til fylkeslege Per Stensland og hans team hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Men når ein vil kunne få vite enda meir om dei uønska hendingane i Helse Førde, meiner styreleiar Jorunn Ringstad det er for tidleg å seie.