NRK Meny
Normal

Vil vere med vidare

Askvoll kommune vil gå vidare med utgreiingane om gigantkommune i Sunnfjord.

Frida Melvær

VIL VERE MED: Ordførar i Askvoll, Frida Melvær (H), fortel at kommunestyret i går vedtok å greie ut både Sunnfjord- og HAFS-alternativet.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

– Vi gjekk for rådmannen si innstilling med å greie ut både storkommune i Sunnfjord og eit mindre alternativ i HAFS, seier Askvoll-ordførar Frida Melvær (H).

Førre veke møttest formannskapa i Jølster, Førde, Naustdal, Gaular (litle-SIS), Hyllestad, Askvoll, Fjaler (HAF) og Gloppen. Alle ville gå vidare med drøftingane om ein storkommune i Sunnfjord, men var avhengige av vedtak i dei enkelte kommunestyra. Ein slik storkommune ville inkludert nesten halvparten av innbyggjarane i fylket.

Kystalternativet, som mellom andre Flora-ordførar Bengt Solheim-Olsen (H) tidlegare har snakka varmt om, har askvollingane meir eller mindre slått frå seg.

– Vi har sagt at vi ville sondere eit alternativ langs kysten frå Solund til Bremanger, men det står litt i stampe for tida, seier Melvær.

Vil ikkje ta stilling endå

Mange politikarar i ulike kommunar legg ikkje skjul på at dei helst vil stå åleine også i framtida. Den oppfatninga finst også i Askvoll.

– Difor er det viktig å greie ut dei ulike alternativa. Kva betyr ein storkommune i Sunnfjord? Kva betyr ein mindre kommune i HAFS? Kva det betyr å stå åleine blir ein del av totalbiletet. Det er då vi reelt kan ta stilling til korleis vi tek vare på innbyggjarane i Askvoll på best mogleg måte, seier Melvær.

– Kva er ditt personlege syn i saka?

– Eg vil kome til mitt standpunkt basert på utgreiingane. Eg har ikkje konkludert, det er vanskeleg før totalbiletet er på plass. Det finst mange fordelar og ulemper med begge alternativa. Dei må vi vege opp mot kvarandre når utgreiinga er på plass.

Spent på dei andre kommunane

Melvær seier hovudfokuset er Askvoll, men legg ikkje skjul på at ho er spent på kva dei andre kommunane vel.

– Det er spanande kva dei kjem fram til om Sunnfjord-alternativet, kor mange som vert med. Det er særleg spanande å sjå kva Flora vel, seier Melvær.

Flora skulle eigentleg avgjere sin veg vidare på tysdag, men utsette saka.

Akkurat no har kommunestyret i Gloppen møte, der dei skal ta stilling til kven dei ville sjå mot. Ordførar Anders Ryssdal signaliserte førre veke at det går mot eit spor mot Nordfjord og eit sørover mot Sunnfjord.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå