Hopp til innhold

Vil vekk frå Sogndal - treng meir speletid og fleire kampar

Sogndalspelaren Stian Dyngeland er på veg vekk frå klubben. Han har vore i kontakt med fleire klubbar for å få meir speletid og fleire kampar.

Stian Dyngeland

TRENAR MED ANNAN KLUBB: Stian Dyngeland (i midten) vil vekk frå Sogndal. -For å utvikle meg som spelar treng eg meir speletid, seier Dyngeland.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Eg er for tida på trening med ein annan klubb, men har snakka med fleire klubbar som kan vere aktuelle.

Det seier 23 år gamle Stian Dyngeland som spelar for Sogndal. Angrepsspelaren har ei fortid i Fana der han vart toppskorar i 2011. Han debuterte for Sogndal i 2012 som innbyttar mot Odd-Grenland, medan han spelte frå start i kampen mot Stabæk i juli same år.

Vil ha meir speletid

Men no er fotballtalentet på veg vekk frå klubben i saftbygda.

– Eg ønskjer meir speletid og treng fleire kampar for å få utvikla meg vidare som fotballspelar.

Han har vore i kontakt med fleire aktuelle klubbar, blant andre har gamleklubben Fana vore i kontakt med Dyngeland.

Lag i Adeccoligaen er mest aktuelle

– Men eg har ikkje noko klart enno. Eg har vore i kontakt med fleire klubbar i heimtraktene og nokre klubbar andre stadar. Fleire av klubbane eg har vore i kontakt med spelar i Adeccoligaen, seier Dyngeland.

Overgangsvindauget stengjer neste måndag så det byrjar å haste med ei avklaring.

– Eg reknar med å ha mykje klart mot slutten av veka.