Hopp til innhold

Vil utvide vegane

Medlem av samferdsleutvalet, Trude Brosvik, kjem med eit nytt forslag for å betre tryggleiken for syklistar i trafikken.

– Eg ser for meg E39 gjennom Jølster, og kor mange farlege situasjonar som finn stad der, fortel Brosvik.

Ho foreslo difor på eit møte om strategiplanen for samferdsle 24. juni, å byggje ein skulder på nye vegar som fleksibelt kan nyttast av syklistar, og dermed redusere ulukkesfaren.

Godt motteke

– Eg trur dei fleste på møtet var opne for forslaget, seier Brosvik.

Ho har tidlegare opplevd stor motstand mot denne løysinga, óg frå fagleg hald, då mange meiner at ein ikkje skal blande mjuke og harde trafikantar.

– Men eg følte at dette blei tatt alvorleg, då ein ser at dei som syklar langt og fort, dei syklar i trafikken, ikkje på gang- og sykkelvegar, seier ho.

Forslaget vert godt motteke av leiar i Førde Cykleklubb, Aage Aasen.

– Strekninga langs Jølstravatnet blir brukt mykje til både trening og ritt, og vegstandarden har mykje å seie for sikkerheita. Ein vegskulder ville difor bety mykje for oss, fortel han.