Vil utvide idrettshall

Idrettsrådet i Florø føreslår å utvide idrettshallen i Florø til full storleik. Leiar i idrettsrådet, Stein Strømsnes, seier til Firdaposten at planane må gjerast klare så fort som råd. Han trur nemleg at det berre kan bli ein innandørs fotballhall i full storleik i Sunnfjord. Dei to andre i fylket ligg i Sogndal og Stryn.