Vil utvide Florø lufthamn for 200 millionar kroner

Trafikkauken på Florø lufthamn er så stor at det snart kan bli behov for både ny terminal, driftsbygg, hangarar og utviding av parkeringskapasiteten.

Stadheim og lufthamn

BETRE TERMINAL: Flyplassjef Siv Merete Stadheim meiner behovet for betre terminalbygg er stort.

Foto: Steinar Lote/Birger Meland / NRK

Florø lufthamn har stadig hatt nye passasjerrekordar. Held trenden fram kjem 180.000 passasjerar til å ha vore innan lufthamna ved årsslutt. Det vil i så tilfelle vere ny rekord. Det var Firdaposten som først skreiv om saka.

– Vi ser at med dagens trafikkutvikling både på flypassasjerar og helikopterpassasjerar til offshoresektoren, så nærmar vi oss eit tak for kva dagens terminal klarar å ta unna på ein god måte, seier flyplassjef Siv Merete Stadheim.

Ser tydeleg behov

Dagens terminal er frå 1971. Florø lufthamn er Norges største småflyplass og har også helikopterbase for Nordsjøen.

– Vi er begynt å sjå på moglegheitene for å gjere endringar på terminalbygget i Florø, seier Stadheim.

Men skal nytt og større terminalbygg på plass, samt fleire hangarar, så blir prislappen om lag 200 millionar kroner.

– Det er mykje pengar, men det er eit behov med tanke på den trafikken vi har hatt siste åra, og som det ser ut skal halde fram, seier Stadheim.

– Utviklinga som har skjedd med trafikken gjer at vi må sjå på nye måtar å tenkje framtidige logistikkløysingar på, seier Stadheim.

Treng meir plass til flya

Ho peikar på at terminalbygget og driftsbygget må gjerast noko med. Men også til oppstilling av fly treng dei meir plass. I sommar måtte dei nytte eine taksebana for å ha nok kapasitet.

– Oppstillingsplassane har vore ein utfordring grunna den auka trafikken. I sommar måtte vi gjere det slik for å avvikle trafikken, seier Stadheim.

Men ei utviding vil ha konsekvensar for omlandet rundt flyplassen. Endringar når det gjeld bygningsmassen kan stort sett gjerast innanfor gjeldande reguleringsplan og flyplassområdet.

– Men skal ein utvide rullebana er det eit behov for meir areal, seier Stadheim.

Ho legg til at det ikkje er utviding av rullebana som har størst fokus nett no.

Tenkjer framtidsretta

– Det viktigaste for oss er å få eit større terminalbygg og få på plass betre driftsfasilitetar. Men at vi tenkjer oss ei større rullebane er på lang sikt, og vi ønskjer å vere klar over kor mykje areal ei slik forlenging vil trengje, seier Stadheim.

Ho peikar på at det kan skje at framtidige fly treng lengre rullebane enn i dag.

– Det er for å sikre oss at vi på lang sikt også har ei moglegheit for å ha ein flyplass i Florø. Vi veit ingenting om kva framtida vil bli, seier Stadheim.

Dersom rullebana skal utvidast til 2000 meter vil den måtte gå vestover og føre til at den austlege delen av dagens rullebane må dreiast lenger mot sør.

Det vil også føre til at både Ausa og Furesundet må fyllast att, og dei to øyane må planerast ut.

Dersom ein vel å utvide til 1700 meter vil ein truleg måtte planere Furøya på grunn av krava til trygg inn- og utflyging.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.