Hopp til innhold

Ap vil utsetje vegval om Kystvegen - i fleire tiår

Arbeidarpartiet vil skjerme fylket for meir vegstrid.

Åshild Kjelsnes valdebatt 2015

VIL STOGGE STRID: Åshild Kjelsnes (Ap) meiner fylket ikkje er tent med vegstrid. Difor vil ho og Arbeidarpartiet utsetje saka om kvar Kystvegen skal gå.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Det bryggar opp til vegkamp om kvar Kystvegen skal gå.

Skal vegen følgje om lag same trasé som i dag ved å svinge mot Førde ved Grov, eller bør den gå via Florø over Terøy?

Arbeidarpartiet vil helst at vegen skal gå mot Terøy. Men om det ikkje får fleirtal vil dei utsetje heile vegvalet.

– Vegen vil ikkje bli bygd på mange tiår. Då er det eit spørsmål om det er lurt å gjere eit traséval som skal binde oss opp i mange tiår framover. Det blir som om vi i dag skulle vore bundne av eit traséval som var gjort i 1950.

Det seier fylkesvaraordførar og Ap-gruppeleiar Åshild Kjelsnes.

Splitta fylkesting

Partia på fylkestinget er nærmast delt på midten.

Men ei ringerunde NRK har gjort til partigruppene syner eit fleirtal for Grov-alternativet.

  • Arbeidarpartiet (9) og Framstegspartiet (2) vil i samla flokk gå for Terøy-alternativet, saman med Høgres Bjørn Hollevik.
    Totalt 12 representantar.
  • Senterpartiet (10), KrF (2), MDG (1) og tre av Høgres representantar vil gå for Grov-alternativet.
    Totalt 16 representantar.
  • SV (1) har ikkje bestemt seg, men stemte for Grov i fylkesutvalet.
  • Venstre (2) har heller ikkje konkludert. Men fylkesgruppeleiar Gunhild Berge Stang vil gjerne ha saka utsett.
Grov-krysset ved riksveg 5

FLEIRTAL: Eit fleirtal i fylkestinget ønskjer at Kystvegen framleis skal gå her ved Grov mellom Førde og Florø. Her blir fylkesveg 614 kopla til riksveg 5. Alternativet er ein ny veg over Terøy i Florø.

Foto: Arianrhod Engebø / NRK

Vil dempe striden

Kjelsnes meiner ei utsetjing vil dempe vegstriden i fylket.

– Vi kjem til å strekke ut ei hand, og be om at vi samlar oss om eit kompromiss. Det er faktisk ikkje nødvendig å skape så mykje sterke kjensler og strid mellom dei to fløyene.

Sigurd Reksnes

VEIT NOK: Sigurd Reksnes (Sp) ser ingen grunn til å utsetje vegvalet.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Dette blir kontant avvist av deira storebror i fylkestinget. Sigurd Reksnes er gruppeleiar i fylkets største parti, Senterpartiet, og vil slett ikkje vente med saka.

– Nei, det er eg veldig usamd i. Dette er ei sak som det har blitt jobba lenge med. Det er grundig greia ut med fleire høyringsrundar. No har vi opplysningane vi treng.

– Då oppfattar eg eit slikt utsetjingsforslag som eit forsøk på å hindre at det skal bli vedteke noko dei er usamde i, seier Reksnes.