Hopp til innhold

Vil utgreie fødestove i Nordfjord

Nedlegging av fødestova i Lærdal og omgjering av fødeavdelinga ved Nordfjord sjukehus til jordmorstyrt fødestove.

Nordfjord sjukehus

Fødeavdelinga ved Nordfjord sjukehus har i dag kring 250 fødslar i året.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Det er to av tiltaka som administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad, vil ha vurdert innan april neste år. Det kjem fram i Bolstad sitt forslag til strategiprosess for perioden 2010 til 2020.

Les: Forslag til budsjett for 2010

Les: Forslag til strategiprosess 2010-2020

34 punkt på kuttliste

Helse Førde får lov til å gå med 40 millionar kroner i underskot i 2010. Men i tillegg må føretaket kutte kostnader med 55 millionar kroner for å halde seg innafor dei krava eigaren har sett. Men dei 34 punkta på kuttlista som Bolstad presenterer i budsjettforslaget for 2010 er ikkje nok til at føretaket er sikra nok pengar til drifta og nye investeringar i åra etter.

(artikkelen held fram under biletet)

Utan akuttberedskap

Jon Bolstad på styremøte i Helse Førde

Administrerande direktør Jon Bolstad.

Foto: Bård Siem / NRK

Difor skal det no utarbeidast ein strategiplan der Bolstad ønskjer å vurdere ei rekkje sider ved drifta av helseføretaket. Mellom tiltaka han vil ha utgreia er ei nedlegging av fødestova i Lærdal og ei omgjering av fødeavdelinga ved Nordfjord sjukehus til jordmorstyrt fødestove.

Nedlegging av ortopedien i Lærdal eller på Nordfjordeid skal også vurderast. Bolstad vil i denne samanhengen også sjå på om det er mogeleg at eit av sjukehusa kan drive med planlagd ortopedisk aktivitet utan akuttberedskap.

Talet på ambulansar og plasseringa av desse skal også utgreiast. I samband med strategiplanarbeidet skal det også vurderast ei sentralisering av tenester som radiologi, røntgen og laboratorium.

Omorganiseringar

Bolstad føreslår at styret vedtek den endelege strategiplanen på møtet i april.

- Eit strategivedtak i april vil gjere det mogeleg å leggje fram eit revidert budsjett for 2010, og eit langtidsbudsjett for føretaket i juni.

Dette betyr at folk i Sogn og Fjordane må vere budde på at det kan kome meir dramatiske kutt i 2010 enn det Bolstad presenterer på styremøtet onsdag 16. desember. I dette forslaget har han brukt ostehøvelen og kuttar mindre summar på mellom anna redusert kjøpt av gjestepasientplassar, omorganiseringar og reduksjonar i talet på tilsette.

Svekka akuttberedskap

På styremøtet onsdag kjem det også opp ei sak der Bolstad føreslår å søkje om ei ekstraløyving på 50 millionar kroner til investeringar i 2010. Største potten her er kjøp av medisinsk teknisk utstyr. Det dyraste utstyret er kjøp av ei ny CT-maskin ved Førde sentralsjukehus til 10 millionar kroner.

- CT-maskina ved Førde sentralsjukehus har så dårleg driftskontinuitet at dette går utover sjukehuset si evne til å ta hand om rolla som aktuttsjukehus.