Her testar Jakob ei framtid i helsevesenet

FLORØ (NRK): Framleis tek gutar og jenter ofte tradisjonelle yrkesval. Men i Florø blir ungdommar utfordra til å teste ei framtid i yrka det motsette kjønn oftast vel.

Jakob Nøkkøy

TEST: Niandeklassing Jakob Nøkkøy får teste personheisen som blir nytta i helsevesenet.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Kanskje eg kunne tenkt meg det. Det er praktisk og du kan hjelpe folk, seier Jakob Nøkkøy der han heng i personheisen som blir nytta i helsevesenet.

– Det var gøy, seier han.

Niandeklassingen har ikkje bestemt seg for kva han skal bli, men er open for ei framtid innan helse- og sosialtenestene – der heile 8 av 10 i dag er kvinner.

Framleis tek gutar og jenter gjerne tradisjonelle yrkesval, men i Florø vil dei utfordre denne tankegangen. I dag blei niandeklassingane der delte i to grupper, og introduserte for yrke det motsette kjønnet vanlegvis vel.

Vil inspirere

Tal frå Bufdir syner at kvinner og menn framleis i stor grad jobbar i ulike delar av arbeidsmarknaden. 12 prosent av sysselsette kvinner jobbar i det ein reknar som mannsdominerte næringar, mens 13 prosent av sysselsette menn arbeider i kvinnedominerte næringar.

Ved å introdusere niandeklassingane for alle moglegheitene dei har, håpar Kristin Svardal i Maritim Forening å inspirere dei unge til å tenkje nytt.

Kristin Svardal

VIL INSPIRERE: – Det er viktig å gjere ungdommane bevisste om kva yrke og vegval dei kan velje, seier Kristin Svardal i Maritim Forening.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Vi ser ikkje nødvendigvis den store effekten frå ein dag til den neste, men det å gjere dei bevisste om kva yrke og vegval dei kan velje, trur eg er kjempeviktig, seier Svardal.

Var litt nervøs

Alette Karstensen er ei av dei som skal inspirere jentene til å tenkje annleis. Ho jobbar som kranførar offshore for selskapet Conoco Phillips.

– Kranførarar jobbar ikkje berre offshore, vi er på båt og vi er i bygg og anlegg, fortel ho til ei gruppe jenter.

– Eg håpar eg gir dei ein ide om det ikkje berre er allmennfag som gjeld for dei som er usikre. Nokre er veldig engasjerte, andre ikkje, seier ho.

Alette Karstensen

VALDE KRANFØRAR-YRKET: Alette Karstensen jobbar som kranførar. – Eg håpar eg gir dei ein ide om det ikkje berre er allmennfag som gjeld for dei som er usikre, seier ho.

Foto: Steinar Lote / NRK

Sjølv tenkte ho ikkje så mykje over at ho var ei av få jenter, då ho valde å bli kranførar.

– Eg tenkte ikkje så mykje på det, for det var det som interesserte meg. Eg ville inn på yrkesfag, og ei mekanisk linje. Men eg var nervøs før første skuledag, vedgår ho.

Inntekt viktig

Tilbake i avdelinga for jobbar innan helsefag, har også Noah Alexander Johnsen Rouen, fått teste personheisen. Han trur ikkje det er ei framtid for han.

– Eg er ikkje interessert i å jobbe med noko slikt, seier han.

Jakob Nøkkøy seier inntekt vil spele inn på kva yrke han vel i framtida.

– Har ein slik dag noko påverknad på kva du vel?

– Ja, veldig, seier niandeklassingen.