Hopp til innhold

Vil ut av Terra-kommune

Fresvikjene slår opp med Vik. Vil til Leikanger kommune.

Fresvik
Foto: Ottar Starheim / NRK

To personar har skrive eit brev til Leikanger-ordførar Olav Lunden der dei spør om korleis fresvikjene kan verte ein del av Leikanger kommune. Dette skriv Sogn Avis.

Stor oppslutnad om forslaget

Avsendarane av brevet seier at 95 % av sambygdingane ynskjer å verte overflytta frå Vik til Leikanger. Dei vil behalde tenestetilbodet i bygda, og fryktar at nedskjeringane i kjølvatnet av Terra-skandalen vil strype bygda.

Vil tilbake

Fresvik var ein del av Leikanger kommune fram til 1991. Lunden er rørt av den tilliten bygdefolket i Fresvik syner. Han påpeikar likevel at det er berre er ein søknad frå kommunestyret i Vik til departementet som kan gjere fresvikjene til ein del av Leikanger kommune.