NRK Meny
Normal

Vil tvinge saman tre sogningar

LEIKANGER (NRK): Fylkesmann Anne Karin Hamre vil slå saman dei tre sognekommunane Sogndal, Leikanger og Balestrand. Det likar ordføraren i Leikanger dårleg.

Dei tre sogneordførarane

MOTVILLIGE KAMERATAR: Fylkesmannen vil ha desse tre ordførarane saman til ein. Det er mot Leikanger kommune sitt vedtak om å stå åleine.

Foto: Christian Blom

– Eg kan ikkje legge skjul på at eg kjenner meg ein smule umyndiggjort etter framlegget frå fylkesmannen i dag. Det sa ordførar i Leikanger Jon Håkon Odd (Ap) etter at Hamre hadde kome med si tilråding.

Ordføraren i Leikanger

SKUFFA: Ordførar i Leikanger er skuffa over Hamre si tilråding. Han vil gjerne halde fram som eigen ordførar

Foto: Christian Blom

Fylkesmannen har fått i oppdrag av regjeringa å kome med eit råd om korleis ho meiner at kommunekartet bør sjå ut i framtida. Det skal vere eit fagleg råd, basert på at Stortinget ønskjer ein ny kommunestruktur med større kommunar.

Les også: Slik vil fylkesmannen ha kommunekartet

Fylkesmannen har likevel ikkje noko direkte makt over korleis kommunekartet skal sjå ut. Stortinget kan velje å lytte til rådet hennar, eller dei kan la vere.

Vil stå åleine

Ordføraren i Leikanger er negativ til heile kommunereforma, og han har ikkje fått meir trua på han etter dagens framlegging.

– Dette er krona på verket i ein prosess som har vore dårleg frå ende til annan. Denne reforma har vore prega av negative verkemiddel frå dag ein, og no kjem det mest negative av dei alle, nemleg å setje til side folkeviljen.

Fylkesmannen trekte fram at Leikanger er ein kommune med ein skrantande økonomi og ein aldrande befolkning. Ordførar Odd er likevel ikkje redd for å stå åleine.

Fylkesmann Hamre med rådgjevarar

KLAR TILRÅDING: Fylkesmann Anne karin Hamre la fram ei klar tilråding om korleis ho meiner kommunekartet skal sjå ut i framtida.

Foto: Christian Blom

– Eit stor fleirtal i kommunestyret har gått igjennom alle desse punkta, og vi har kome fram til at sannsynlegvis vil klare å møte desse utfordringane.

Stortinget har vore klare på at kommunesamanslåingar skal vere frivillige, og at vedtaka i kommunane skal leggjast til grunn. Dei opnar likevel for eit viktig unnatak. I tilfelle der ein negativ kommune blokkerer ei samanslåing mellom to eller fleire positive kommunar, vil Stortinget vurdere å tvinge dei saman.

I Leikanger røysta seks av ti innbyggjarar nei til kommunesamanslåing. I nabokommunane Balestrand og Sogndal vil ein derimot gjerne ha samanslåing. Det gjer dei tre kommunane til eit kroneksempel på eit slikt tilfelle der Stortinget har opna for å bruke tvang.

Ville helst hatt med Luster

Ordførar i Sogndal Jarle Aarvoll er fornøgd med tilrådinga til Hamre, men skulle helst hatt med endå ein kommune.

Ordførar i Sogndal

VIL BLI ENDÅ STØRRE: Jarle Aarvoll skulle gjerne hatt med Luster i ein ny storkommune i Sogn.

Foto: Christian Blom

– Luster er med i vårt felles bu- og arbeidsområde, og når me tenkjer på dei ulike styrkane vi har som kommunar, kunne ei samanslåing med alle fire ha blitt litt av ei kraft i Sogn og Fjordane.

Luster og Leikanger har begge røysta nei til kommunesamanslåing, men berre Leikanger ligg inne i storkommunen i Hamre si tilråding. Det stussar Leikanger-ordføraren litt over.

– Eg har stor respekt for at Luster har vedteke eit nei til kommunesamanslåing, men i dag er det litt sårt at vi er dei einaste som skal tvingast inn i den nye kommunen.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser