Hopp til innhold

Vil tvinge fram kommunesamanslåing

Frank Willy Djuvik (Frp) lukkast på landsmøtet med å få med seg eit fleirtal for tvangssamanslåingar.

Frank Willy Djuvik

FOR SAMANSLÅING: Stortingskandidat for Frp, Frank Willy Djuvik, vil gi Stortinget makt til å styre kommunestrukturen i landet, og slå saman kommunar mot deira vilje.

Foto: Oddleif Løset/NRK

Stortingskandiat og leiar i Sogn og Fjordane Framstegsparti, Frank Willy Djuvik, meiner for få kommunar vel å slå seg saman av fri vilje. Difor vil han at Stortinget skal få bestemme kommunestrukturen, skriv Dagen.no.

Forslaget om å la kommunane sjølv bestemme om dei skal slå seg saman vart under landsmøtet til Framstegspartiet forkasta, etter overtaling frå Djuvik.

Ifølgje nettavisa skal Djuvik ha forsøkt hardt å få tvangsprinisppet til å passe inn i fridomsomgrepet til partiet. Det klarte han.

– Eg er for å tvinge vekk grenser som hindrer innbyggjarane i å ta frie val. Små Senterparti-kommunar skal ikkje få bruke pengar som kan brukast til sjukepleiarar og lærarar i heile landet. Det er ikkje min definisjon av fridom, sa Djuvik frå talarstolen.