Hopp til innhold

Vil trygge spekematproduksjonen

Mattilsynet har no bede Vitskapskomiteen for mattryggleik å gjere ei vurdering av tilhøva kring produksjonen av spekemat.

Avdelingsdirektør i Mattilsynet, Keren Bar-Yaacov, seier dei no jobbar for fullt med å gjere spekematproduksjonen mest mogeleg sikker.

- Vi må jobbe med å finne ut kvar i produksjonen det er størst risiko for at bakterien oppstår, seier ho.

Nytt funn i Sogndal

 

Terina Sogndal
Foto: Scanpix

I går kom det fram at Terina Sogndal har påvist eit nytt funn av E.coli-bakterie. Funnet blei gjort av Terina sjølve under ein rutinekontroll.

Bakterien vart denne gongen funne i farse av svinekjøt, og er ikkje den same som smitta 18 personar tidligare i år. Det er uvisst om bakterien er farlig. Partiet blei uansett ikkje sendt ut på marknaden, men blei destruert.

- Ikkje overraska

Avdelingsdirektør i Mattilsynet, Keren Bar-Yaacov, seier dei ikkje var overraska over funnet.

- Det er ei stadfesting på det ekspertane har sagt, nemleg at vi må rekne med at det blir meir utbreidd å finne forskjellige variantar av E.coli O103 enn det som har vore vanleg til no, seier ho.

Det lukkast ikkje NRK å få tak i driftssjefen i Terina i går kveld.