Hopp til innhold

Vil truleg prøve å trekke båten av grunn i kveld

Reiarlaget vil truleg gjere eit forsøk på å trekke lastebåten «Selvaagsund» av grunn seint i kveld.

Selvaagsund

PÅ GRUNN: Lastebåten «Selvaagsund» gje natt til tysdag på grunn ved Sumarsøyna i Ytre Solund.

Foto: Redningsselskapet / NRK

– Det er flo no, så eg reknar med at vi gjer eit forsøk på neste flo som er om 12 timar, eller så ventar vi til det er lyst igjen i morgon føremiddag, seier reiar Magne Berge når NRK snakkar med klokka 10.15.

Like før klokka tre natt til tysdag gjekk lastebåten «Selvaagsund» på grunn ved Sumarsøyna i Ytre Solund . Båten, som er eigd av Berge rederi på Hitra, kom frå Florø og var på veg til Tyskland med grus. Berge kan førebels ikkje seie noko om årsaka til grunnstøytinga.

– Vi har nokre teoriar, men vi har ikkje noko konkret og må undersøke det nærare, seier Berge.

Kystvakta på veg

«Selvaagsund» har fått skadar i baugen i samanstøyten, og tar inn vatn.

– Problemet til no er at vi ikkje får brukt pumpene om bord til å lense båten der skaden er, seier Berge.

Lastebåten får no hjelp av redningsskøyta «KG Jebsen», i tillegg er Kystvaktskipet KV Tor på veg med ekstra pumper, og er venta å vere framme kring klokka 14 i ettermiddag. Ein patruljebåt frå KV Tor er venta å vere frame klokka 11.

– Etter kvart så får vi og på plass dykkarar frå Måløy som skal vurdere kor store skadane er på båten, seier Berge.

Selvaagsund
Foto: Redningsselskapet

Framleis om bord

Mannskapet på åtte er framleis om bord, og ingen av dei har kome til skade i grunnstøytinga.

– Når vi no får tetta lekkasjane og pumpa ut vatnet, så tar vi sjansen på å trekke den av grunn.

– Kva med gruslasta som de har om bord, må det losse noko av den før de trekker båten av grunn?

– Vi må losse før den skal på verkstad, men det er ein lastebåt og toler å ha last om bord, seier Berge.

Fraktebåt på grunn

VIDEO: Båten står solid på grunn, men det er førebels uklart kor store skadar båten har fått i samband med grunnstøytinga.

Ytre Sula