Hopp til innhold

Vil endre reglane for sykling i nasjonalparkane

Frå neste år kan det blir lov å sykle og ri på vegar og stiar i nasjonalparkane. Medan ein før måtte søke om lov til å sykle, må ein i framtida søke om å forby den populære aktiviteten.

Stisykling i Sogn

POPULÆRT: Naturen i Sogn har for lengst fått rykte på seg i utlandet for å ha perfekte forhold for stisykling. Ei endring av regelverket kan gjere det vanskelegare å forby den populære friluftsaktiviteten.

Foto: Sigrid Skjerdal

Interessa for terrengsykling har eksplodert dei siste åra. Men i både nasjonalparkar og ein del verneområde har hovudregelen til no vore at det er forbode å sykle der.

No ser det ut til at stortingsmeldinga om friluftsliv frå 2016 kan snu om på reglane. I hovudsak vil det bli lagt opp til at ferdsel for syklistar og ryttarar er lov, og ein må søke om å leggje ned forbod.

– I samband med friluftsmeldinga er det sagt at reglane skal spegelvendast. Det vil seie at det vil vere lov med sykling og riding på stiar og vegar, viss det ikkje uttrykkeleg er forbode, seier Olav Nord-Varhaug som er seksjonsleiar i Nasjonalparkseksjonen i Miljødirektoratet.

Forbod vil bli unnataket

Olav Nord-Varhaug

FORBOD PÅ ENKELTE STIAR: Tidlegare har hovudregelen vore at ein må søke om å få lov til å sykle i nasjonalparkområda. Olav Nord-Varhaug seier dei mest truleg vil gå for eit regelverk der dette blir omvendt, at ein må søke om ein vil forby aktiviteten. det som truleg kjem til å skje er å vurdere om det er stiar der det trengst eit forbod

Foto: John Petter Reinertsen

På Kaupanger i Sogn har skogen dei siste åra blitt stadig meir brukt av stisyklistar. Men når to verneområde er under planlegging kan det betyr at syklistane blir utestengt frå delar av skogen. Nye verneområde som desse vil også bli omfatta av dei nye reglane, dersom dei blir gjennomførte.

Miljødirektoratet har allereie starta arbeidet, og har varsla Fylkesmennene og Nasjonalparkforvaltninga om at dei kan bu seg på ei omfattande kartlegging av stiar og område som ein ønskjer å verne.

– Vi må gjere konkrete vurderingar om det er nokre stiar der sykling er så problematisk at det bør bli forbode. Om ikkje blir det opna for aktivitet, seier Nord-Varhaug.

– Naturen blir taparen

Arnodd Håpnes

KRITISK: – Terrengsykling er veldig bra og noko vi ønskjer. Men å sleppe syklistane lause i nasjonalparkane er vi kritiske til, seier Arnodd Håpnes i Naturvernforbundet.

Foto: Jo Straube

I Naturvernforbundet er dei skeptiske til regelendringa, og meiner den sårbare naturen i nasjonalparkområda må vernast.

– Dette er eit motsett spegelvendingsprinsipp, der naturen blir taparen og ei lita interessegruppe vinnaren. Sykling kan vere ok i ein del område, men det er ikkje akseptabelt i verneområde og nasjonalparkar, seier Arnodd Håpnes i forbundet.

Meiner uroa er overdriven

Vidar Gundersen i Norsk organisasjon for terrengsykling meiner det ikkje vil bli så store skilnader ved ei regelendring. Også i dag er det ulike reglar for dei ulike nasjonalparkane.

Gundersen trur Naturvernforbundet uroar seg unødvendig for kva som vil skje om syklistane får lov til å bruke stiar og vegar i nasjonalparkane.

– Yngre menneske likar eit aktivitetsbasert friluftsliv. Vi trur dette er gunstig for å få dei yngre til å engasjere seg og gle seg over gamal skog.

Håpnes meiner likevel det er best å vere føre var.

– Vi ønskjer flest mogleg terrengsyklistar ut i naturen. Men vi treng ikkje eit frislepp av all type aktivitet i dei få verneområda vi har i Norge.