Hopp til innhold

Drøymer om å gjere dette til turistattraksjon

Til liks med mange andre industristader har også Høyanger ei trallebane. Den er per i dag den einaste i dagleg drift her i landet, men no vil kommune og næringsliv gjere bana til turistattraksjon.

Som fleire andre indutristader, har også Høyanger sin trallebane. Her kan du følge hele turen fra topp til bunn.

Følg med på hele trallebaneturen

Trallebana vart bygd på 30-talet og strekkjer seg frå dalbotnen til høgfjellet.

Framleis er trallebana ein viktig reiskap for Statkraft i Høyangerfjella, og sørgjer mellom anna for at tilsette kjem seg på jobb i gjella.

– Vi brukar bana både til å frakte opp personell, men også mykje utstyr, seier regiondirektør i Statkraft, Svein Ove Slinde.

(Artikkelen held fram under biletet)

Huitfeldt og Sortland

FEKK PRØVE: Då kulturminister Anniken Huitfeldt var i Høyanger fredag, fekk ho prøve litt av trallebana. Her med ordførar Petter Sortland.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Vil nytte tralla til omdømebygging

No er både kommune og næringsliv samde i at det oppe i fjellsida ligg ein godt gøymd turistattraksjon.

Dette er ledd i eit større samarbeid som Høyanger Næringsutvikling jobbar med for å gjer Høyanger til cruisedestinasjon.Langsmed 2400 trappetrinn snor trallebana seg oppover mot endestasjonen på Nova.

– Draumen er å få bruke denne bana i reiselivssamanheng, og få det med til å byggje omdøme for heile tettstaden, seier dagleg leiar ved Høyanger Næringsutvikling, Terje Søreide.

(Artikkelen held fram under TV-innslaget)

Som fleire andre indutristader, har også Høyanger sin trallebane.
Og den er den einaste i dagleg drift her i landet, og sørge for at Statkraft-tilsette kjem seg på jobb i høgfjellet.
Kommune og næringsliv vil gjera banen til turistattraksjon. 
I dag fekk kulturministeren prøva.

Vil gjere kabelbane til turistatraksjon

Ønskjer cruiseskip til Høyanger

Målet er nemleg å lokke cruiseskip til industristaden langs Sognefjorden, med trallebana som prikken over i’en.

Då kan turistane først nyte den vakre fjorden, før dei stig i land og vert frakta høgt til vers for å få utsyn over både fjord og fjell.

I sommar var eit stort cruiseskip på prøvetur.

Tilbakemeldingane då var overveldane, og reiselivsagentar var då på prøvetur med trallebana, noko som gav næringslivssjefen tru på at dette er noko ein må prøve å få til.

Er i dialog

Statkraft er ikkje framande for tanken, men det er eit stykke fram.

– Det er på eit tidleg stadium nett no. men vi har gått i dialog med Høyanger Næringsutvikling. Så får vi sjå, seier Slinde.

Men skal bana nyttast til turistføremål, må mykje gjerast.

– Det er fleire forhold som må på plass før Statkraft kan ta endeleg stilling til om dette kan la seg realisere. Bana i dag er ikkje godkjend til turisttransport, og det er eit viktig forhold som må på plass, seier Slinde.

Han legg til at det også må ombygging til dersom bana skal ha eit slikt bruksområde. Og skal bana nyttast til slik transport, snakkar ein truleg også om ei anna type vogn enn den som er der i dag.