Hopp til innhold

Vil transportere fleire røyr sjøvegen

Statoil må i større grad ta i bruk båttransport når dei skal frakte røyr frå basen i Florø, meiner Bjørn Hollevik i Flora Industri- og Næringsforening.

Røyrlager på fjordbase i Florø

SATSING PÅ RØYR: Statoil har peika ut Florø som hovudbase for røyrhandtering.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Sjølv om Saga Fjordbase i Florø tapte kontraktene knytt til røyrhandtering til NorSea Group og Vestbase i Kristiansund, vil dette arbeidet framleis gå føre seg i Florø. I tillegg vil Statoil satse på Florø som hovudbase for røyr.

Bjørn Hollevik

MEINER STATOIL MÅ FÅ OPP FARTA: Bjørn Hollevik i Flora Industri- og Næringsforeining.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Hollevik meiner det er avgjerande å få på plass eit meir effektivt transportsystem for å kunne forsyne alle basane i Sør-Noreg med klargjorde røyr.

– Akkurat no synest eg at Statoil vel konvensjonelle løysingar i staden for å sjå på båtar som går raskare og som brukar mindre energi. Så eg håpar at dei er litt meir framoverlente enn det, og forpliktar seg på volum.

Pilotprosjekt på veg

Jone Stangeland som er logistikkdirektør i Statoil, fortel at dei jobbar med å flytte meir transport frå veg til sjø. Han understrekar at transport på veg også har forbetra seg både i høve økonomi og miljø, så ei sjøløysing må klare å vere minst like god. I tillegg har transport til sjøs så langt teke lenger tid enn den som går på veg.

– Dette gjeld ikkje berre røyr, men all transport. Ein fordel er om ein kan samarbeide med andre oljeselskap, kanskje også andre næringar, slik at ein får til eit volum som sikrar regelmessige avgangar, seier Stangeland.

Stangeland seier at dei i løpet av året skal starte opp eit pilotprosjekt for meir sjøtransport mellom basane i Sør-Noreg.

Alf Dahl på åpningen på Vestbase

VIL BIDRA: Alf Dahl, direktør i Vestbase, har tru på pilotprosjektet.

Foto: Roar Halten / NRK

Alf Dahl, administrerande direktør i Vestbase, er klar til å bidra:

– Eg har tru på prosjektet. Det er i dag alt for mykje tonnasje langs smale vestlandsvegar som heller kunne ha gått sjøvegen. Så det må vi bidra til frå NorSea Group og Vestbase si side også, seier Dahl, som støttar Hollevik i at Statoil må forplikte seg meir på volum.

Statoil erkjenner at dei må forplikte seg

Det er i dag alt for mykje tonnasje langs smale vestlandsvegar som heller kunne ha gått sjøvegen

Alf Dahl, direktør i Vestbase

Det skal ikkje stå på politikarane i alle fall.

– Vi får god støtte frå politikar og næringsliv, både her i Florø og elles. Men det er klart at det krevst mykje ressursar internt i tillegg til finansielle midlar for å finansiere eit slikt prosjekt, seier Stangeland.