Hopp til innhold

Vil tilsetje kraftlobbyist

Skal løfte Sogn og Fjordane fram som eit vindkraft-fylke.

Vindmøller til havs.
Foto: NRK

Måløy Vekst vil tilsetje ein person som skal få både Måløy og resten av fylket med på det nye store energieventyret – offshore vindkraft.

Bryte med trenden

Alfred Bjørlo

Alfred Bjørlo ved Måløy Vekst.

Foto: Helge Mikalsen/VG / Scanpix

Dagleg leiar Alfred Bjørlo ved Måløy Vekst meiner ein må kaste seg på toget før det er for seint.

– Til no har det kanskje vore litt slik at Sogn og Fjordane har sett seg på sidelinja og vore litt skeptiske til det som skjer. Fylket har vore redd for konflikt med andre interesser, seier Bjørlo.

No lovar han betring.

– Denne trenden vil vi bryte med, understrekar den daglege leiaren.

Kjølvatnet

Allereie har selskapet Vestavind Kraft varsla at dei ynskjer å satse på å byggje store vindmøller langt ute i havet utanfor Stad.

Og det er i kjølvatnet av dette at visjonane om at Måløy skal verte eit senter for vindkraft og bølgjekraft har blitt lansert.

– Det vi vil er å på plass ein person som kan jobbe systematisk med å utvikle fornybar energi frå havet og næringsutvikling knytt til det, i vårt fylke med base i Måløy og Vågsøy, fortel Bjørlo.

Optimist

Trass i at stillinga har vore utlyst ei stund, har Måløy framleis ikkje funne personen dei jaktar på. Men Bjørlo er likevel optimistisk.

Selskapet ynskjer å få med seg Fylkeskommunen og Innovasjon Norge for å spleise på løna.

Positiv

Nils R. Sandal

Fylkesordførar Nils R. Sandal.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Fylkesordføraraen vil ikkje lovo noko på ståande fot, men er positiv til at fylket får ein kraftlobbyist.

– At Sogn og Fjordane har ein moglegheit, dersom vi gjer tinga på rett måte, er det ikkje tvil om. Så får vi sjå kva vi kjem fram til, seier fylkesordførar Nils R. Sandal.

– Det dei jobbar med her er heilt i tråd med våre ambisjonar om at Sogn og Fjordane skal liggje heilt i tet i utviklinga av offshore vindkraft, legg han til.