NRK Meny
Normal

Vil tillate aktiv dødshjelp

Unge Venstre-leiar Sveinung Rotevatn frå Eid meiner aktiv dødshjelp, cannabis, proffboksing, rasistiske ytringar og sexkjøp bør bli lovleg i Norge.

Sveinung Rotevatn

LEI AV FORBOD: Sveinung Rotevatn.

Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

I ein artikkel i Dagens Næringsliv og på sin eigen blogg listar han opp 21 ting vi kan tillate . Dette gjer han som ein reaksjon på at Kjersti Toppe frå Senterpartiet har teke til orde for å forby kartongvin. Andre har lansert forbod mot tigging og kinderegg, og alt dette har provosert Rotevatn.

– Desse 21 tinga er ei blanding av forholdsvis enkle saker og meir kompliserte spørsmål. Men det er ikkje desse 21 punkta som er mitt hovudpoeng. Eg meiner det er på tide at diskusjonen i dette landet bør begynne å handle meir om kva vi ynskjer å tillate og ikkje heile tida kva vi vil forby.

– Bør ta diskusjonane

Sveinung Rotevatn vedgår at fleire av dei 21 punkta ikkje er i tråd med politikken til moderpartiet.

– Ein del av det er slikt som Unge Venstre og Venstre er samde om, medan andre er standpunkt som unge Venstre har innteke på eiga hand. Til dømes bør vi tillate asylsøkjarar å jobbe, vi bør la folk ta seg eit glas vin i parken.

Rotevatn ser at ein del av dei 21 punkta handlar om vanskelege etiske diskusjonar, men han meiner det likevel er viktig å ta desse diskusjonane.

– Det er ikkje slik at alle forbod toler tidens tann, eg meiner mange av forboda er forelda.

Mellom det Sveinung Rotevatn bør bli lovleg i Norge er aktiv døshjelp. Han innser at dette er eit vanskeleg spørsmål som det kan bli vanskeleg å få gjennomslag, og som kanskje ikkje vil vere så lett å ta opp for Venstre i eit eventuelt framtidig regjeringssamarbeid med Kristeleg Folkeparti.

– Eg ser veldig godt motargumenta, men vi i Unge Venstre meiner dette er ein diskusjon vi bør ta. For dei få enkeltmenneska som ynskjer å få slutt på lidingar og kanskje få livsavsluttande behandling så burde ein fjerne forbodet og opne opp sakte.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.