Vil tilby gjestane spektakulær overnatting

FJÆRLAND (NRK): Den skal oppfylle turistane sine draumar og løyse utfordringar i reiselivet. Hotelleigaren har stor tru på mobile overnattingseiningar.

Mobile Moods

NYTT OG GAMALT: Med ein mobil overnattingseining skal turistane få oppleve norsk natur og kulturlandskap på nært hald.

Foto: illustrasjon

– Den skal ha alle fasilitetar som eit hotellrom og skal kunne setjast på stadar som er litt spektakulære og ikkje så tilgjengelege, seier Bård Huseby.

Huseby driv Fjærland Fjordstove og jobbar som forskar ved Vestlandsforsking i Sogndal. No deltek han eit nytt forskingsprosjekt, som skal finne ut korleis ein kan nytte flyttbare overnattingseiningar i reiselivet.

Prosjektet har fått namnet Mobil Moods og er finansiert av Forskingsrådet.

Berekraftig på fleire måtar

Turistane som kjem til Noreg ønskjer seg urørt natur og fin arkitektur, denne «sanninga» jobbar prosjektgruppa ut frå, og det er det overnattingseiningane skal gje dei. Samstundes skal det vere berekraftig.

– Ei slik overnattingseining legg ikkje varig beslag på eit areal og ein unngår såkalla «people pollution», at ein får for mange turistar på ein plass, seier Trude Borch, seniorforskar ved Akvaplan-niva i Tromsø og prosjektleiar for Mobile Moods.

Eit av måla er å få ulike reiselivsaktørar til å samarbeide.

– Mange stader i distriktet kor ein har naturen og dei naturbaserte aktivitetane som turistane ønskjer, så vil det ikkje vere lønnsamt å investere i ein fast bygningsmasse. Då kan ein tenkje seg at ein kan ha desse der når det er sesong og så flytte dei ein annan plass når sesongen er over.

Det er noko hotellsjefen i Fjærland kunne tenkje seg.

Bård Huseby

FJÆRLAND: Bård Huseby har fleire forslag til kor i Fjærland einingane kan setjast opp.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

– Eg ville fylt opp desse utan problem om sommaren. Hadde eg funne ei tilsvarande verksemd med motsett sesong, som for eksempel Sjusjøen, så kunne vi investert i dette saman. Då kunne dei vore i bruk der i vintersesongen og her om sommaren.

Glas på alle sider

– Det handlar om å bu i eitt med naturen og vere tett på stilla der, samstundes som ein ligg i ein god seng, seier Henrik Næss.

Han er sal- og marknadsansvarleg i Nature Compact Living. Dei har utvikla ein container som dei har bygt om for overnatting. Dei har allereie testa det ut og har tru på ideen til Mobile Moods.

– Alle våre gjester synest det er ei magisk oppleving. Det er noko med å sjå rett opp på stjernehimmelen frå senga og vakne av sola som står opp, seier Næss.

Nature Compact Living

I EITT MED NATUREN: – Glaset er det vesentlege. Det er glas på alle sider, så når du ligg i senga er det som om du er ute, seier Henrik Næss.

Foto: Morten Rakke / Morten Rakke
Mobile Moods

I FJØRA: Om sommaren er Fjærland Fjordstove eit ettertrakta hotell. Hotellsjefen kunne tenkje segå teste ut flyttbare overnattingsplassar.

Foto: Illustrasjon