Hopp til innhold

Vil til junior-VM: – Eg la inn ein god søknad

18 år gamle Jon Rolf Skamo Hope kan ha sikra seg ein plass i junior-VM etter prestasjonane i helga.

Jon Rolf Skamo Hope

TALENTFULL: Jon Rolf Skamo Hope håpar å få gå junior-VM i langrenn i januar.

Foto: Rune Fossum / NRK

I helga var det VM-mønstring for langrennsjuniorar på Lillehammer, og ein av dei som imponerte aller mest var Jon Rolf Skamo Hope frå Hyen.

– Eg visste at om kroppen var bra og alt klaffa, kunne eg gå fort, seier han.

18-åringen fekk full klaff på duatlonen på søndag og enda på 2.-plass. Det resultatet gjer han gode moglegheiter til å få vere med i junior-VM i slutten av januar. Der møtast alle dei beste, unge langrennsløparane i verda til dyst.

– Det er vanskeleg å seie sikkert, men eg skal vel nesten gå meg ut av laget, for å ikkje kome med. Eg har ikkje fått heilt klarsignal enda, for det er mykje som kan skje til over nyttår, men eg la i alle fall inn ein veldig god søknad, seier Skamo Hopesom går for Hyen IL.

– Det største denne sesongen

Skamo Hope fekk plass på juniorlandslaget tidlegare i år og for den unge langrennsløparen vil det bety mykje å få gå junior-VM.

– Junior-VM er i Salt Lake i USA i år, så det er ei oppleving å få gå der. Det er heilt klart det største denne sesongen for min del, fortel han.

I mellomtida skal han gå litt ulike lokale renn, og like over nyttår er det siste uttaksrennet til junior-VM. Fram mot då har 18-åringen planar om å betre forma. For han har meir å gå på ifølge han sjølv.

– Eg håpar eigentleg at forma blir enda betre, for det gjekk ikkje så veldig lett i helga. Alle løpa var eit slit og forhåpentlegvis kjem det berre til å gå oppover med forma, seier han.

– Leverer så det held

Yngve Thorsen

SKRYTER: Krinsleiar Yngve Thorsen er imponert over Jon Rolf Skamo Hope.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Det er viktig for skimiljøet i Sogn og Fjordane at ein har spydspissar som Jon Rolf Skamo Hope. Han viser at det er mogleg å bli god om ein kjem frå fylket, seier leiar i Sogn og Fjordane Skikrins, Yngve Thorsen.

Han er ikkje overraska over Skamo Hope sin prestasjon i helga, men tykkjer det er svært gledeleg.

– Han leverer så det held. Ogmed tanke på nivået som er i norsk langrenn på juniorsida, er det svært imponerande, meiner Thorsen.

No håpar han at det blir USA-tur på 18-åringen.

– Det er det skiforbundet som bestemmer til slutt, men han har levert ein solid søknad, seier krinsleiaren.