Måndag føremiddag er statssekretær i Nærings- og handelsdepartementet Rikke Lind i Høyanger der ho blant anna møter ordførar Kjartan Longva som er pådrivar for at ei lokal gruppering skal kjøpe eller leige Fundo.
Overskot på 21 millionar
I forkant av møtet kom det fram at den lokale grupperinga har budsjettert med eit overskot i 2009 på 21 millionar kroner dersom dei får sletta gjelda og drive vidare.
Etter konkursen kan det lokale initiativet ta over ei gjeldfri bedrift. I tillegg er arbeidsstokken redusert frå 370 tilsette til 180, som vil innebere at konstaden går ned.
I følgje Longva gjekk Fundo med store overskot dei første åra etter konkursen i 2001.
Små forhåpningar
Ordførar Kjartan Longva trur ikkje det kjem så mykje konkret ut av møtet med statssekretær Rikke Lind.
- Men vi er glade for at vi kan få orientere den politiske toppleiinga om planane våre, seier Longva.
På møtet i Fundo måndag er også tidlegare Hydro-sjef Gudmundur Einarson og Stortingsrepresentant frå Arbeidarpartiet Ingrid Heggø.
Vil endre statuttar
Før helga sa Innovasjon Norge som er den største pantekreditoren, nei til tilbodet frå lokale interessentar om å kjøpe felgfabrikken.
Heggø sa i forkant av møtet måndag at ho vil jobbe for å endre statuttane til Innovasjon Norge slik at det statlege selskapet ikkje skal vere så opptekne av inntening.
- Viss Innovasjon Norge ikkje kan gå inn og investere i risikofylte prosjekt, vil vi ha problem over heile landet, seier Heggø, som vil ta saka opp på førstkomande sentralstyrmøte i Arbeidarpartiet.