Hopp til innhold

Vil tene fire milliardar på gruvedrift

Eigarane av Nordic Mining vil tene om lag fire milliardar kroner på gruveprosjektet i Vevring, dette ut frå ein sannsynleg pris på rutil. Gruvedrifta vil også medføre 25 millionar kroner årleg i auka skatteinntekter til kommunane.

Ivar Fossum i Nordic Mining

Ivar Fossum, administrerande direktør i Nordic Mining, vedgår at dei førebelse kalkylane for inntening ser bra ut, men han tek ingenting for gitt. Prisane på rutil svingar og vi er veldig audmjuke i høve oppgåva som står føre oss, seier han.

Foto: Bård Siem / NRK

– Vi har berekna den samla lønsemda til bedrifta i alle dei åra den eksisterer. Når det gjeld Nordic Mining er driftsperioden på 50 år, og då blir innteninga på om lag fire milliardar kroner. Då er alle kostnader og skatt trekt ifrå, seier seniorforskar Håkon Hynne i SINTEF.

Han presenterte tala overfor NRK under eit mineralseminar i Naustdal tysdag, basert på tal frå Nordic Mining.

I løpet av den 50 år lange driftsperioden vil eigarane sitte igjen med om lag fire milliardar kroner etter skatt, rekna ut frå ein sannsynleg rutilpris.

– Dette er open informasjon som selskapet sjølv har rekna på. Dersom prisen på rutil blir høgare enn stipulert, noko som ikkje er usannsynleg, kan aksjonærane si inntening bli mykje høgare, seier han.

Det er ikkje optimalt å ha null forureining. Då må vi bu i jordholer.

Håkon Hynne
Håkon Hynne

Håkon Hynne, seniorforskar i SINTEF, fortel at eigarane i Nordic Mining truleg kan glede seg til enorme inntekter.

Foto: Bård Siem / NRK

Store ringverkneder

Hynne poengterer at det ikkje berre er aksjonærane i Nordic Mining som vil tene godt på gruvedrifta.

– Når det gjeld den to år lange investeringsfasen, tida det tar å byggje prosjektet ut, vil kommunane rundt gruva i Engebø sitte igjen med 320 millionar kroner. Dette utgjer innkjøpa i denne perioden.

– Kva med den 50 år lange driftsfasen?

– I direkte verknader i driftsfasen er det berekna at det vil bli investert for 150 millionar kroner årleg i underleveransar i Engebø-regionen. For heile landet vil dei årlege direkte verknadene kom på om lag ein halv milliard kroner, fortel Hynne.

Forskaren peikar også på ringverknadane drifta vil få.

– I tillegg får ein ringverknader som mellom anna konsumverknadene frå dei tilsette. Då blir tala bli mykje større. Kor mykje større er det ikkje rekna på, seier Hynne.

Det er på ingen måte formildande at ein tener enorme beløp på å øydeleggje miljøet.

Ingrid Skjoldvær

Store skatteinntekter

Hynne viser også til at skatteinntektene til kommunane rundt Engebø vil føre til ein årleg auke på om lag 25 millionar kroner.

– I dette inngår eigedomsskatt, personskatt for dei tilsette i Nordic Mining og personskatt frå underleverandørane. Dette er betydelege beløp som vil kome innbyggjarane til gode, seier Hynne. Den årlege eigedomsskatten er berekna til åtte millionar kroner.

Audmjuk sjef

Ivar Fossum, administrerande direktør i Nordic Mining, trur prisane på rutil vil variere.

– Dei førebelse kalkylane ser bra ut, men vi tek ikkje noko for gitt. Prisane på rutil svingar, og vi er veldig audmjuke i høve til oppgåva som står føre oss. Vi ønskjer å bli så robust som mogleg for også å kunne tole periodar med lågare prisar, seier Fossum.

Slaktar gruveplanane

Ingrid Skjoldvær

Ingrid Skjoldvær, leiar i Natur og ungdom, meiner det er forkasteleg å dumpe store mengder gruveavfall i Førdefjorden. Det er ikkje formildande at dei som øydelegg miljøet vil tene store pengar på det, seier ho.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Leiar i Natur og ungdom, Ingrid Skjoldvær, stolar ikkje på det Håkon Hynne presenterer.

– SINTEF er ein av dei som har laga rapportar for Nordic Mining og har interesse av at prosjektet blir framstilt på ein positiv måte. Vi stolar langt meir på Havforskingsinstituttet som konkluderer med at dumping av enorme mengder gruveavfall i Førdefjorden ikkje er berekraftig. Havforskingsinstituttet er dei fremste på kunnskap om liv i havet, seier Skjoldvær.

Ho karakteriserer gruveplanane som ein miljømessig katastrofe.

– Det er på ingen måte formildande at ein tener enorme beløp på å øydeleggje miljøet, seier ho.