Hopp til innhold

Vil ta ubåt-sak til Stortinget

Stortingspolitikar og medlem av forsvarskomiteen, Liv Signe Navarsete (Sp), vil følgje opp observasjonen av ein mogleg ubåt i Dalsfjorden i mars.

Liv Signe Navarsete

FILMA OBJEKT: Stortingspolitikar Liv Signe Navarsete (Sp) (innfelt) ber forsvarsministeren svare om mogleg ubåt i Dalsfjorden.

Foto: MONTASJE: ALDRIMER.NO/ELDGRIM FOSSHEIM / NRK

– Observasjonen burde vore teken på alvor, seier Navarsete, som vil be forsvarsministeren greie ut kvifor tipset ikkje vart følgt opp.

Frank Vik frå Dale filma det han meiner er ein ubåt den 21 mars i år. I ein videodokumentar på nettstaden aldrimer.no fortalde Vik torsdag om opplevinga, og om at han hadde varsla politiet.

Frank Vik frå Dale i Sunnfjord var på veg heim frå Førde då han såg og filma det han er sikker på var ein ubåt.

Undra over at dei ikkje sjekka

Først etter fleire purringar stadfesta Forsvaret at dei hadde fått melding frå politiet om observasjonen til Vik , og at dei også har vurdert bileta og videoen som dei fekk tilsendt.

At dei ikkje reiser og sjekkar dersom det var ein ubåt, det synest eg er litt rart. Det seier litt om forsvarsevna vår, seier Vik i dokumentaren.

Strategisk viktig kyststripe

– Vi har ei lang kyststripe, den nest lengste i verda etter Canada, og den er strategisk viktig, seier Navarsete.

Ho meiner dette er nok eit eksempel på at saker blir mindre viktige til lenger vekk ein kjem frå hovudstaden.

– Hadde dette vore i Oslofjorden så trur eg faktisk ein hadde sjekka det, seier Navarsete.

Ikkje god nok beredskap

– Eg forventar at når forsvaret får eit slikt brev, så gjer dei alt dei kan for å undersøke det. Når dei ikkje gjer det, når ein ikkje har beredskap som er god nok verken på fly eller andre ting for å gå ut å sjekke ei slik melding, det er rett og slett ikkje godt nok, og det syner at beredskapen ikkje er god nok.

Navarsete meiner dette må bli ein viktig del av diskusjonen i samband med den varsla langtidsplanen for forsvaret.

– Vi må diskutere kva beredskap vi skal ha langs kysten vår, for den må verte betre. Det er eg og Senterpartiet klare på.

– Er det akseptabelt om framande ubåtar kan ta seg inn i norske kystfarvatn?

– Det er definitivt ikkje akseptabelt at framandre ubåtar, om det har vore det, kjem inn i våre farvatn. Vi har jo hatt det i Sognefjorden for ein del år tilbake. Når eg er tilbake i Stortinget kjem eg til å stille eit skriftleg spørsmål til statsråden om denne hendinga konkret, og om korleis ho vil sikre ein betre beredskap, seier Navarsete.