NRK Meny
Normal

Vil ta politikutt opp med stortingsbenken

Fylkesordførar Jenny Følling støttar politimeister Kaare Songstad sin kamp for å få fleire ressursar til Vest politidistrikt.

Jenny Følling

UROA FOR POLITIBEREDSKAP: Jenny Følling (Sp) er fylkesordførar i Sogn og Fjordane.

Foto: Bård Siem / NRK

Distriktet risikerer å måtte redusere drifta med 140 årsverk i år.

– Det er klart at dersom i verste fall 140 stillingar i politiet forsvinn, så vil det vere alvorleg. Politiet vil ikkje kunne levere dei tenestene dei skal. Ein kan jo stille spørsmål ved om dei klarer å ha ein beredskap som publikum er tent med, seier Følling.

Følling er glad for at Songstad er så tydeleg om situasjonen, og er sterkt uroa for kva politi innbyggjarane i Vest sit att med om ikkje stortinget løyver meir midlar.

– Det bra at politimeisteren ropar ei varsku og gir beskjed om dette, for i neste omgang er det publikum som kjem til å merke det. Difor er det mi klare oppmoding at politiet får dei ressursane dei treng både for å avdekke alvorleg kriminalitet, men og for å ha ein god politiberedskap ute i distrikta.

Vil møte Stortingspolitikarane

Følling seier at sidan det er Stortinget som gir løyvingar, blir det og dei som må sjå til at det er samsvar mellom ressursar og dei tenester politiet skal levere.

– Vi må no vere støttespelarar for politiet slik at dei får dei ressursane dei treng, og for at folk får dei tenestene dei treng, seier Følling.

Følling fryktar at kutta som politimeisteren no varslar kjem til å råke Sogn og Fjordane hardt.

– Når ein skal prioritere, og skal prioritere hardt, så er det den alvorlege kriminaliteten som må prioriterast. Det har vi ikkje så mykje av her i fylket. Difor kan ein frykte at dette vil råke vårt fylke, og difor blir det viktig å følge nøye med, seier Følling

3. februar skal Følling møte Stortingsbenken.

– Då kjem vi til å ta opp med Stortingspolitikarane at dei må passe på at det er samsvar mellom dei oppgåvene politiet skal utføre, og dei rammene dei får seier Følling.

Politidirektoraret la torsdag ut ei pressemelding, der dei seier at det ikkje nødvendigvis ikkje vil bli så store kutt som frykta.

– Sjølv om vi i budsjettprosessen bad om at det skulle utredast for potensielle kutt, er det er ikkje dermed slik at det faktisk skal kuttast to prosent. Pr no ligg det derimot an til ein budsjettmessig styrking av driftsbudsjettet i politidistrikta, seier Frede Hermansen, avdelingsdirektør for strategi, økonomi og virksomhetsstyring i POD.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser