Hopp til innhold

Vil ta omsyn til kommunane

Miljøvernministeren vil høyre kommunane si meining om strandsone-utbygging.

 Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim
Foto: Holm, Morten / SCANPIX

Miljøvernminister Erik Solheim lover å ta omsyn til at forholda er ulike langs kysten, når han skal utforme reglane for bruk av strandsona.

Innstramming

Regjeringa vil stramme inn reglane for å gje dispensasjon frå byggjeforbodet i 100-metersbeltet, og skal no lage retningslinjer for slike dispensasjonar.

FRP, som er motstandar av strenge reguleringar av strandsona, tok saka opp med miljøvernminister Erik Solheim.

Interesser

Solheim stadfestar at dispensasjonsreglane skal strammast inn, men at kommunane som hovudregel framleis skal vere dei som gjev dispensasjonane.

Unntaket er dersom det er snakk om å ivareta nasjonale eller viktige regionale interesser, då skal staten avgjere dispensasjonssøknader.

Hente inn erfaringar

Solheim skriv også at departementet skal no forme ut nasjonale dispensasjonsreglar som opnar for ulik praksis for ulike deler av kysten, og i dette arbeidet vil departementet hente inn erfaringar frå kommunane, fylkesmennene og fylkeskommunane før retningslinjene blir bestemt.

Ut over dette vil ikkje statsråden seie noko om korleis reglane blir.