Hopp til innhold

Vil ta minst eit år før heradshuset er i full drift

SANDANE (NRK): Tilsette i Gloppen kommune må smørje seg med tolmod før dei kan få flytte tilbake til heradshuset på Sandane.

 Leidulf Gloppestad

TID: Ordførar i Gloppen, Leidfulf Gloppestad seier dei må ta tida til hjelp for å finne ut korleis heradshuset skal byggast opp att etter brannen som herja huset for to veker sidan.

Foto: Eva Marie Felde / NRK

– Det er trasig at ein ikkje kan arbeide her saman med dei tilsette som før, men det må vi berre ta inn over oss, seier ordførar Leidulf Gloppestad (Sp).

To veker etter at det brann i det staselege bygget midt i Sandane sentrum, er det stille i bygget der 40 tilsette har hatt arbeidsplassane sine. Då flammane fekk tak i tredje etasje gjekk kommunestyresalen tapt, og store delar av bygget har fått omfattande vass- og røykskadar.

Ordføraren rosar dei tilsette og kommuneorganisasjonen for raskt å ha tilpassa seg og funne løysingar.

Nokre ting kom nærast uskadd frå bygget, medan andre ting ber tydeleg preg av brannen.

SKADAR: 40 tilsette sine kontor er rydda ut, nokre gjenstandar får bli, medan andre har sett sine beste dagar.

Foto: Eva Marie Felde

– I løpet av tysdag, berre nokre dagar etter brannen, så var 40 tilsette meir eller mindre operative og på plass på kontor rundt om i kommunen. Eg er veldig stolt av jobben dei gjorde der og då. Det var ikkje enkelt.

Råkar publikum

På utsida ser delar av bygget heilt ut som før, og kikkar ein inn er det framleis gardiner som heng i nokre av vindauga. Inne i bygget heng brannlukta framleis tung.

På golvet står søppelsekkar med skrot, og utanfor står containerar fulle av søppel og ein og annan potteplante som har blitt redda ut. Bygget som til vanleg er lett tilgjengeleg for glopparane er no mørkt og stille.

– Vi er ikkje på langt nær så tilgjengelege som vi har vore. Servicetorget er i eit hus, og mange tilsette andre stader. Det er ikkje like lett som før å ha oversikt, og sikre at publikum får møte dei tilsette på staden. Det er ei beklageleg utfordring, seier Gloppestad.

Kva som starta brannen veit ein framleis ikkje. Teknikarane er ferdige med åstadsgranskinga, men rapporten er ikkje klar. No er kommunen i dialog med forsikringsselskapet om kostnadar og kven som skal betale. Ordføraren trur ikkje det skal by på utfordringar, men er klar på at det blir kostbart og vil ta tid før huset er operativt igjen.

Brann i Heradshuset på Sandane

FULL FYR: Meldinga om brannen tikka inn natt til torsdag 11. august. Kommunestyresalen gjekk tapt og 40 tilsette mista kontorplassane sine.

Foto: TIPSER

– Det vil i alle fall ta minst eit år før dei mest skadde delane av bygget er utbetra. Og før vi har full oversikt så er det vanskeleg å vite kva vi skal gjere på lang sikt. Kva løysingar vi skal gå for, og for kor mange i kor lang tid, det vil vi tene på om vi brukar tid på å finne ut av.