NRK Meny
Normal

No vil fotografen ta med seg stjernene til Stad

Trass sin unge alder har Lasse Fløde (25) allereie jobba med det verdskjende moteikonet Kate Moss. No håpar han å ta med seg motesirkuset heim til det vêrharde Stadlandet.

Lasse Fløde gjer stor suksess som fotograf

UNG: Lasse Fløde er berre 25 år, men er i ferd med å ta seg opp og fram som fotograf.

Foto: Montasje: NRK/Privat

Det er på ingen måte alle fotografar unnt å få fotografere fotomodellar som Kate Moss. Den langbeinte britiske modellen vart oppdaga allereie som 14-åring, og som 40-åring er ho framleis ei av dei mest populære fotomodellane i verda.

I vinter var det den unge vestlendingen Lasse Fløde som stod bak kamera når moteikonet blafra med augevippene og kasta på håret.

No håpar han å ta med seg store namn heim til Vestlandet. Oppvaksen på Stad kjenner han seg nesten kalla til å utnytte den storslåtte naturen i havgapet.

– Når ein kjem frå ein plass som Stad, som er så fantastisk, ikkje berre i norsk målestokk, så er det dumt av meg å ikkje prøve utnytte det, røper den talentfulle fotografen.

– Fekk ein sjanse eg eigentleg ikkje skulle fått

25-åringen frå Stadlandet har allereie jobba med mange artistar og skodespelarar. Aller mest kjent er han nok for å ha fått feste det verdskjende moteikonet Kate Moss til film.

– Ho er i ein eigen elite, så det å få jobbe med det som er min generasjon sin største moteikon, det var heilt fantastisk, seier Fløde om jobben han hadde i vinter.

Han seier det var ei blanding av tilfelle og hardt arbeid som gjorde at han fekk jobben. Fløde kjenner seg svært heldig som fekk sjansen.

– Eg fekk ein sjanse eg eigentleg ikkje skulle ha fått så tidleg i karrieren. Aller helst skal ein ha jobba mykje meir for å kome med i eit så bra team. Ikkje berre med ho, men også alle dei andre som var med rundt, seier han om den spesielle fotoshooten.

– Eg tek det som eit teikn på at eg gjer noko rett, og at eg har potensial.

(Artikkelen held fram under biletet)

Mykje aktivitet i Stadhavet

VÊRHARDT: Stadhavet er kjent for å vere ein av dei mest vêrharde farvatna langs norskekysten.

Foto: Øystein Nordås

Har merka auka interesse

25-åringen fortel at han har merka effektane av oppdraget, og at han opplever auka interesse for han som fotograf. Han vil ikkje røpe konkret kva som skjer vidare, men er klar for spennande månader.

– Det er mykje nysgjerrigheit, både nasjonalt og internasjonalt, når nye folk dukkar opp og har jobba med så solide namn… Så ting skjer, seier han.

Han jobbar i dag med base delt mellom London og Oslo, noko han sjølv seier passar han ypparleg.

Vil ta med stjernene «heim»

Men ein annan stad han gjerne vil bruke meir, er heimstaden Stadlandet. Havet utanfor er kjent som ein av dei mest vêrharde plassane langs norskekysten.

Naturen her er majestetisk og krevjande, og området er populært blant både norske og utanlandske turistar.

Hit vil gjerne Fløde ta med seg fotoapparatet og store namn.

– Eg har aldri klart å utnytte Stad som fotograf. Eg måtte flytte derifrå for å sjå staden med nye auge.

– Det vil skjer ting på Stad ganske snart om får det som det vil. Men om det blir namn som Kate Moss eller Naomi Campbell, det veit eg ikkje, flirer han.

GILGAMESH - Kongen som nekta å døy
"Parkslirekne er ein plagsam vekst".
Detaljane skal finpussast