Hopp til innhold

Vil ta Kystradiosaka opp i Stortinget

MÅLØY (NRK): Politikarane i Florø kjenner seg overkøyrde etter at kystradioen skal leggast ned. No vil Miljøpartiet ta saka opp i Stortinget.

Folk langs kysten er kritiske til nedlegginga av tre kystradioar.

– Vi vil prøve å få dette omgjort. Eg håpar dei andre på stortingsbenken her og langs kysten er med. Eg håpar på eit opprør, for no må vi som bur her reagere, seier Stein Malkenes.

Stein Malkenes meiner kystradioen i Florø er viktig for båtfolket.

TRAGISK: Stein Malkenes, som representerer Miljøpartiet Dei grøne, likar dårleg det som skjer med Florø kystradio.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

Han representerer Miljøpartiet Dei Grøne, og er sjølv ein ivrig båtmann. Han var ein av dei som vart overraska over meldinga som kom tidlegare på dagen, om at Telenor frå neste år vil legge ned tre av fem kystradioar. I Florø, Vardø og Tjøme forsvinn tilbodet, medan tenestene i Stavanger og Bodø skal styrkast, opplyser Telenor. Totalt 24 tilsette misser jobbane sine.

– Kom som lyn frå klar himmel

– Det er faktisk sider ved saka som ikkje er så godt kjende. Kor mange menneskeliv som er blitt redda, kor mykje det betyr for tryggleiken og kjensla vi som er på havet har. Dei følgjer alltid med, og er det noko så blir vi berga, seier Malkenes.

No skal stortingsrepresentant i partiet, Rasmus Hansson, ta saka opp i spørjetimen. Og folk på kysten har reagert med sinne og krass kritikk etter at avgjerda vart presentert. Floraordførar Ola Teigen frå Arbeidarpartiet meiner det er ille at saka ikkje har vore ute på høyring, slik at folk har fått sagt si meining om planane.

Ola Teigen vart overraska over at kystradioen skal leggast ned.

TREDJE NEDLEGGINGA: I Florø har ein alt mista alarmsentralen og operasjonssentralen til politiet. No forsvinn også kystradioen frå byen. – Eg er usikker på om dette styrkar tryggleiken for folket langs kysten og i fylket, seier ordførar Ola Teigen frå Arbeidarpartiet.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

– Eg er overraska over prosessen. Det kom som lyn frå klar himmel. Det har gått under radaren og ingen har blitt informerte, seier han.

Hovudredningssentralen er positiv

Telenor meiner på si side at tryggleiken og beredskapen ikkje blir råka. Justisdepartementet støttar synet.

– Hovudredningssentralen (HRS) har sagt til oss at dei ikkje har motførestillingar. Tvert i mot er dei særs positive til moderniseringa og vil arbeide for at kystradioen kan integrerast tettare opp mot HRS, skriv Andreas Bondevik i Justisdepartementet i ein e-post til NRK.

Av eposten går det også fram at avtalen som ligg til grunn med Telenor i dag framleis skal gjelde. I den blir det mellom anna understreka at det skal vere folk på vakt døgnet rundt, kvar dag, heile året, og kystradioane skal framleis sende ut meldingar som har betyding for trygg seglas og navigasjon.

– Minst alle krav som er gjeldande i dag vil bli ført vidare i den nye avtala, heiter det i eposten.

For Ola Teigen er det ikkje godt nok.

– Eg vil appellere til regjeringa. Dei bør tenkje seg om, om dette er måten å gjere ting på.