I juni må Fylkestinget vedta smertelege skulekutt fordi det blir færre elevar, og fordi inntektene då minkar tilsvarande.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Skular er lik næring
Høgreordførar Sven Flo i Stryn mislikar at fylkesrådmannen ikkje har leitt etter innsparingar på næringsektoren som kunne blitt brukt på opplæring.
– Eg meiner at vidaregåande skular er lik næring. Difor er eg oppteken av at det heilt klar kan vere midlar innan næringspotten som kan brukast til dei vidaregåande skulane og ikkje som reine støtteordningar til bedrifter.
Sven Flo er ordførar i ein kommune som mistar den vidaregåande skulen sin dersom fylkesrådmannen får det som han vil. Han vil difor at fylkespolitikarane skal leita etter innsparingar andre plassar i fylkeskommunen som kan redda vidaregåande skular.
– Eg forventar at mine representantar faktisk tek denne øvelsen.
(Artikkelen held fram under biletet).
– Betre næringstiltak
Høgreordføraren får støtte frå fylkestingsrepresentant for Arbeidarpartiet, Torbjørn Vereide frå nabokommunen Gloppen. Å la ein vidaregåande skule få leva kan vera eit betre næringstiltak enn å gi pengar til bedrifter, meiner han.
– Det er kanskje viktigare å bruke dei pengane som skulle ha gått til næringslivet for å halde utdanningstilbodet oppe. For kanskje er det det aller viktigaste for lokalsamfunnet.
Sektoren Plan og næring i fylkeskommunen har eit budsjett på 120 millionar kroner. Men hovudutvalsleiar Hilmar Høl frå Ap meiner at det likevel er lite å henta, fordi staten legg bindingar på 80 prosent av pengane.
– Det er ein litt tung materie å gå inn i, trur eg.
(Artikkelen held fram under biletet).
– Resultat av feigskap
Og regiondirektør Jan Atle Stang i NHO (Næringslivets Hovedorganisasjon) meiner politikarane er feige når dei vil ta pengar frå bedrifter for å berga vidaregåande skular.
– Dette er først og fremst eit resultat av feigskap. Dei som har stilt til val som politikar må gjera dei vala som dagen krev. Og unnlet dei å ta dei vala må dei kanskje ta att same prosessen om to år. Dei har ikkje teke problemet på alvor.
Han meiner dei som tek til orde for å ta pengar frå andre sektorar skyt seg sjølv i foten.
– Det store problemet her i fylket er at elevtalet blir redusert med fleire hundre. Vi får ikkje fleire elevar ved å kutta midlar som skulle gå til næringsutvikling.
– I staden bør dei stimulera det offentlege si satsing på næringsutvikling og såleis skape fleire og meir robuste arbeidsplassar i fylket. Det vil kanskje føra til fleire elevar og, på lengre sikt.
(Artikkelen held fram under biletet).
– Må uansett spare 70 mill.
Og fylkesrådmann Tore Eriksen meiner på si side at uansett kva forslag politikarane går inn for, så må dei må klara å koma fram til innsparingar på 70 millionar kroner årleg.
– Eg meiner at innsparingar i den storleiken må vi prøve å få til. Viss dei ikkje gjer dei naudsynte grepa på skulesektoren må dei gjera det på andre område.
For fylkeskommunen sin økonomi er mildt sagt anstrengt. Lånegjelda per innbyggjar er dobbelt så høg som snittet for fylkeskommunane. I tillegg ventar fylkesrådmannen over 50 millionar kroner lågare årlege overføringar frå staten.
Og no slit politikarane med kuttforslaget frå Eriksen. Arbeidarpartiet har bestemt seg for å freda dei vidaregåande skulane i Høyanger og Stryn. Senterpartiet vil behalda Hordalandsavtalen.
Totalt betyr det at dei må finna årlege innsparingar på 37 millionar andre stader. Fylkesleiar Nils P. Støyva i Arbeidarpartiet konstaterte før helga at det er lettare å freda skular enn å koma med nye kuttforslag.
Hardt råka om renta går opp
Men inntektene fylkeskommunen skal bruka på skular og andre velferdstilbod forvitrar. Fylkesrådmannen legg ikkje skjul på at heile økonomien til fylkeskommunen så langt er redda av det låge rentenivået.
– Men det er heilt klart at på to til fire års sikt blir fylkeskommunen relativt hardt råka av eventuell renteoppgang fordi vi er så gjeldstyngde.