NRK Meny
Normal

Vil styrke Sunnfjordregionen

Utvikling og vekst for aksen Flora-Førde blir enklare med Høgre-ordførar i begge byane. Det trur dei påtroppande ordførarane, Olve Grotle og Bengt Solheim-Olsen.

Olve Grotle

SUNNFJORD: Olve Grotle (H) vil jobbe for å styrke Sunnfjordregionen.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Dei to er nemleg samde om å styrke Sunnfjord som region.

– Det er ingen usemje mellom meg og Bengt Solheim-Olsen om at vi skal byggje opp Sunnfjord som ein sterk region, seier Grotle og får støtte av partifellen i nabobyen.

– Eg har trua på at Førde og Florø i samarbeid kan bli eit tyngdepunkt som fylket sårt treng, seier Solheim-Olsen.

Fleire fordelar med same parti

På heile 90-talet og fram til 2003 hadde dei to byane ordførar frå arbeidarpartiet, og det var i desse åra forholdet mellom dei tok til å endre seg frå kamp til samarbeid.

Olve Grotle ser fleire grunnar til at ordførarar frå same parti er ein fordel.

– Både eg og Solheim-Olsen har teke til orde for meir samarbeid i Sunnfjordregionen. Vi høyrer til same parti og har mykje av det same tankegodset, i tillegg til at vi reint praktisk vil møtast oftare fordi vi er frå same parti, seier Grotle.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bengt Solheim-Olsen

KLAR: Bengt Solheim-Olsen er klar for å samarbeide med Høgre-ordførar Olve Grotle i Førde.

Foto: Truls Kleiven

Samarbeidet blir snart sett på prøve

Dei to vil ikkje alt no vere konkrete på saker som dei skal ta fatt på, men Solheim Olsen ser at første prøvesteinen truleg ligg i samhandlingsreforma der både Florø og Førde vil ha det nye distriktsmedisinske senteret.

– Det er klart at begge kommunane vil ha ein stor del av den kaka, seier Solheim-Olsen.

– Vårt syn på dette har vore flagga både i valkampen og i valprogrammet vårt, men det er ikkje rett tidspunkt å ta dette vidare no, seier Grotle.

Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen