Hopp til innhold

Vil straffe Engebøaksjonistar

Påtalemakta ved aktor Erling Melvær har i Fjordane tingrett bedt om at dei ti aksjonistane som står på tiltalebenken skal straffast med 24 000 kroner i bøter kvar. Om dei framleis ikkje vil betale bøtene, vil han at dei skal straffast med 48 dagar i fengsel. Dei unge aksjonistane har møtt i retten dei siste to dagane, og no vil dommarane nytte nokre dagar til å kome fram til ein dom.

Aksjonistane utanfor rettssalen i Førde
Foto: Aleksander Åsnes / NRK