NRK Meny
Normal

Vil stogge kommunetvangen etter valet

LEIKANGER (NRK) Blir det regjeringsskifte til hausten vil Leikanger Sp freiste å bryte ut av det tvangsamanslegne Balestrand-Leikanger-Sogndal. Også Balestrand Sp opnar for det.

Ole Simen Nesdal

BRYTE UT: – Folkeviljen i Leikanger var mot samanslåing, seier Sp-leiar Ole Simen Nesdal i Leikanger.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Val

I juni vedtok Stortinget å slå saman dei tre kommunane i Sogn. Dette trass i at kommunestyra i Balestrand og Leikanger sa nei til samanslåing, og at over 60 prosent av innbyggarane i Leikanger sa det same.

Men etter at Arbeidarpartiet følgde Senterpartiet i å opne for å løyse opp tvangsvedtak, vil Senterpartiet i Leikanger arbeide for at storkommunen i Sogn ikkje blir noko av.

– Vi er tvangssamanslegne. Det er ein situasjon vi ikkje ynskte, og vi er svært lite nøgde med prosessen i forkant. Vi håpar på ei ny regjering, og vi vurderer veldig seriøst å sjå på om vi kan løyse opp denne tvangen.

– Vi ser på reforma som sentraliserande, privatiserande og byråkratiserande, seier leiar Ole Simen Nesdal i Leikanger Senterparti.

Balestrand også

Også i Balestrand opnar Sp for å få tvangsvedtaket endra.

Velaug Veum og Arnstein Menes

VIL SJÅ: Arnstein Menes.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Nessane sitt ynskje om å gå til Høyanger utgjorde ja-fleirtalet hjå innbyggarane i Balestrand. Reelt sett er det ikkje fleirtal for samanslåinga slik den vart. Vi vil lytte til Leikanger, sidan kommunen ligg i midten og var veldig tydeleg på at dei ikkje ynskte samanslåing, seier Sp-leiar Arnstein Menes.

Han seier Balestrand Sp i mellomtida vil sjå korleis arbeidet i fellesnemnda utviklar seg.

– Men vi vil sjå på kva moglegheiter som ligg der når valet er over.

Ordførar: – Hypotetisk

Ordførar Jon Håkon Odd (Ap) i Leikanger seier kommunen held seg til stortingsvedtaket, og at problemstillinga blir hypotetisk.

Jon Håkon Odd

ORDFØRAR: Jon Håkon Odd (Ap).

Foto: Noralv Pedersen/NRK

– Det er jo framleis folk i Leikanger som er sterkt imot samanslåinga og som meiner at folkeviljen i Leikanger vart overkøyrd av eit prestisjeprosjekt i regjeringa.

– Samstundes har det skjedd ein del sidan vedtaket. Vi har fått på plass ein plattform, og vi er blitt betre kjent. Skal vi stoppe samanslåinga, er det viktig at vi har ein prosess på det og, seier Odd.

Ap vil hjelpe

Leiar i Sogn og Fjordane Arbeidarparti, Hilmar Høl, seier Ap vil støtte Leikanger og Balestrand om det kjem eit ynskje frå kommunestyra om å stogge samanslåinga.

– Det er sikkert nokon som ikkje vil like at eg seier det. Men vi har eit vedtak både frå landsmøtet og i fylkespartiet om at samanslåingane skal vere frivillige. Og Ap si stortingsgruppa stemte imot då samanslåinga av Balestrand-Leikanger-Sogndal vart behandla i Stortinget, seier Høl.

Men Høgre sin stortingskandidat til valet, Frida Melvær, håpar dei tre kommunane i Sogn held saman.

– Det går føre seg gode prosessar i desse kommunane. Eg har eit stort håp om at dei finn gode løysingar og er rause med kvarandre. Eg trur dei tre kommunane vil bli ein stor styrke for Sogn og fylket, seier Melvær.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.