Hopp til innhold

Oppmodar folk om å følge lysreguleringane

Vegvesenet innfører manuell overvaking etter at mange bilistar den siste tida har køyrt på raudt lys ved vegarbeidsområdet langs Jølstravatnet.

Kø ved Bjørset

KØ: Vegtrafikksentralen har blitt nedringde av folk som står i kø ved veganlegget på E39 gjennom Jølster.

Foto: NRK.no-tipsar

– Det er beklageleg at ein del bilistar køyrer gjennom lysreguleringane når det er raudt lys for å spare eit par minutt.

Svein Reidar Dale

OPPMODING: Svein Reidar Dale i Statens vegvesen ber folk følge lysreguleringane.

Foto: Galtung / NRK

Det seier prosjektleiar for E 39, Lavik–Skei, Svein Reidar Dale i Statens vegvesen. Han fortel at det dei siste helgane har blitt trafikk-kork og lang ventetid ved lysreguleringane ved vegarbeidsområdet langs Jølstravatnet.

– Lysreguleringane klarer ikkje å nullstille seg når folk køyrer på raudt. Då byrjar lysa å gi feil signal, og så blir det trafikk-kork, seier Dale.

LES OGSÅ: Vegtrafikksentralen nedringde av ilsinte bilistar – no skal vakter følgje lysa 24 timar i døgnet

Ber folk følgje regelverket

Statens vegvesen har no innført manuell overvaking for å følgje med på om folk følgjer reglane ved lysreguleringane langs Jølstravatnet.

– Eg oppfordrar alle om å følgje lysreguleringane, seier Dale.

Rødt lys

Regelbrot: Mange bilistar har køyrt på raudt lys ved Jølstravatnet den siste tida. Dette vil Vegvesenet sette ein stoppar for.

Foto: Statens Vegvesen / Illustrasjonsfoto

Kan få konsekvensar

Svein Reidar Dale i Statens vegvesen fortel at Vegvesenet ikkje kan straffe bilistar som køyrer på raudt. Men om folk held fram å bryte reglane vil det likevel kunne kome reaksjonar.

– Vist denne ukulturen held fram vil vi oppmode politiet om å ha kontrollar i området, og då kan det bli straffereaksjonar, seier Dale.

Det vert manuell overvaking ved lysreguleringane langs Jølstravatnet i alle helgane fram til jul. Fredagar og søndagar vil overvakinga vare frå kl. 14:00 til midnatt, laurdag frå kl. 10:00 til 20:00.