Hopp til innhold

Vil stogge skatteplanane til regjeringa

KS fryktar at regjeringa sitt forslag om endring av skatteinnkrevjinga vil gjere at fleire får økonomiske problem.

Jenny Følling

FLEIRE I UFØRE: Det fryktar KS blir konsekvensane av forslaget frå regjeringa om å ta frå kommunane ansvaret for skatteinnkrevjing.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Det kan føre til dårlegare innkrevjing og dårlegare løysingar for folk flest.

Forslaget legg opp til at staten skal ta over alle skatteinnkrevjingsoppgåver frå kommunane. Det åtvarar KS og fylkesleiar Jenny Følling mot:

– Fleire i uføre

Regjeringa føreslår å leggje ned 288 lokale skatteinnkrevjingskontor, og flytte all innkrevjing av skatt frå kommunane til staten.

Då vil skatteetaten overta all skatteoppkrevjing, og alt ansvar for å fastsetje, krevje inn og kontrollere skattar og avgifter.

Følling seier dagens ordning fungerer godt, og at det er 99 prosent innkrevjing.

– Eg trur ein fort kan ende med ei sentral, rigid ordning der inkassovarselet kjem veldig fort. Folk kan kome opp i eit uføre som dei kanskje hadde unngått dersom dei fekk ein betalingsplan, seier ho.

– Så det nye systemet kan vere med på å produsere taparar rett og slett?

– Eg trur det aukar avstanden, og mindre kjennskap til dei det gjeld kan føre til at fleire kjem opp i eit uføre. I dag sit det skatteoppkrevjarar som kjenner folk godt, og som kan lage avtalar som gjer at folk kan gjere opp for seg dersom dei får litt tid på seg i ein nedbetalingsplan.

Vent til kommunereforma

KS meiner også det blir feil å lansere dette forslaget før kommunereforma har klarlagt kva oppgåver kommunane skal ha.

– Det vert kalla ei demokratiseringsreform. Men dette er stikk motsett av det vi ber om. Vi ber om at dei skal leggje oppgåver ut, at dei skal styrke kommunane sitt ansvar, og mindre detaljstyring, seier Følling.

– Vi reagerer veldig på at ein splittar opp ei kommunal skatteinnkrevjing som fungerer veldig godt. Den er tilpassa for å greie å få inn krava som folk skal betale, og tek omsyn til folk sine utfordringar, seier ho.

Svar – frå tidlegare

Finansminister Siv Jensen forventar å spare 400–500 årsverk over tid når staten tek over ansvaret for skatten.

Målet er å effektivisere og redusere byråkratiet i det offentlege.

– Vi gjennomfører ei reform som vil føre til meir effektiv bruk av skattebetalarane sine pengar og som vil styrke skattytarane sin rettstryggleik. Vi lever i ei tid der teknologiske løysingar gjer at vi ikkje lenger er like avhengige av å oppsøke skattekontora, sa finansminister Siv Jensen til NRK i juni.