Hopp til innhold

Vil stogge debatt

Leiar i bedriftsforsamlinga i Fjord 1 MRF, Svein Roseth, vil stogge debatten om sal av ferjeselskapet.

Svein Roseth er både leiar i bedriftsforsamlinga og fylkesvaraordførar i Møre og Romsdal. Han meiner vedtak er gjort, og at debatten difor bør ta slutt.

Uaktuelt sal

- No har dette vore behandla i styrande organ i selskapet, og med stort fleirtal har eigarane sagt at det er uaktuelt med noko nedsal. Og då står det seg til neste generalforsamling, og sannsynlegvis lenger enn det. Eg tykkjer ikkje vi skal ha ein offentleg debatt om dette, for å skape uro hjå dei tilsette, seier Roseth.  

Svein Atle Roseth
Foto: Kjell Herskedal / Scanpix

- Legg ballen død!

- Du seier at det ikkje har vore aktuelt så langt å selje ut Fjord1 MRF, men er det på tide å ta opp dette spørsmålet no internt?

- Eg tykkjer forsåvidt at spørsmålet er oppe til ei kvar tid, i den grad at det er interessant å debattere det. Men på den andre sida har eigarane, og særskild Sogn og Fjordane, sagt i sine vedtak at dette ikkje er aktuelt. Og då må vi leve etter det. Det kan oppstå ein ny situasjon om eitt år eller to eller tre, men per dato tykkjer eg det er rett at vi legg denne ballen død. Og heller konsentrerer oss om dei store samferdsleoppgåvene konsernet har på land og sjø, seier Svein Roseth.