Hopp til innhold

Dette har du kanskje ikkje sett før - no vil Robin starte ny idrett i Norge

I mars neste år startar Robin Marvik Gjesdal opp idretten Arena Touchdown, ei norsk utgåve av amerikansk fotball som har enklare reglar og går føre seg innandørs.

Created by InfoDispatcher

FULLKONTAKT: Arena Touchdown, er som vanleg amerikansk fotball, ein fullkontakt-idrett. Men med godt utstyr og rett trening, vert det få skadar. Foto/redigering: Rune Fossum

– Vi har laga ein versjon av amerikansk fotball som er litt forenkla og meir publikumsvenleg, samt at den går føre seg innandørs. Idretten har færre reglar og er litt meir oversiktleg, seier Gjesdal.

Han spelar sjølv amerikansk fotball i Stavanger, og har gjort det i fleire år. I Førde har det vorte spelt rugbykamp mellom svartrussen og raudrussen i over 20 år, ein tradisjon faren til Gjesdal, Arne Gjesdal, var med å starte.

Då Robin var russ, fann han og faren på at dei skulle arrangere ein amerikansk fotballkamp mellom to russelag, som avslutning på Robins skulegang.

Pendlar frå Stavanger for å vere trenar

Denne tradisjonen har dei halde fram med dei siste fem åra, og per i dag møtest Hafstad vidaregåande skule og Øyrane vidaregåande skule til kamp ein gong i året i Førde.

– Desse laga byrjar å trene saman rett etter skulestart. Og det er gjævt for dei å spele om pokalen, seier Gjesdal.

Trass i at han sjølv har flytta til Stavanger for å studere, pendlar han til Førde ein gong i månaden for å trene laga.

– Eg har vore trenar for alle laga dei siste åra, samt at dei trenar sjølve når eg ikkje er her, seier Gjesdal, som også spelar vanleg amerikansk fotball i førstedivisjon i Stavanger.

(Artikkelen held fram under biletet)

Arena bowl

MYKJE UTSTYR: Det krevst ein del tryggleiksutstyr for å drive med idretten Arena Touchdown, som er sterkt inspirert av amerikansk fotball.

Foto: Rune Fossum / NRK

Vil ekspandere til dei store byane

I Førde er det per i dag 26 spelarar. No ønskjer Gjesdal å få spreidd idretten til andre stadar også.

– Dette er eit arrangement i regi av Rein rus. Vi ønskjer å fokusere på den reine rusen som ein får, mellom anna av å drive idrett, seier Gjesdal, som er dagleg leiar i foreininga.

Dei ønskjer å halde idretten på vidaregåande nivå.

– Vi ønskjer å ekspandere til storbyane og få det meir kjent. Vi må skape skulemiljø som vil spele. Idretten skal skape tilhøyrsle. I tillegg er det jo også eit show, seier Gjesdal.

(Artikkelen held fram under videoen)

Nervar i høgspenn og pumpande adrenalin. Amerikansk fotball i Førdehuset var ei intensiv oppleving for både spelarar og tilskodarane.

SJÅ LAGA I KAMP: Her barka dei to skulane saman i kamp. Foto/redigering: Halvor Farsund Storvik

Vil på sikt ha eigen liga

Han drøymer om at det på sikt kan verte ein eigen liga for Arena Touchdown.

– Det har eg tru på. Men det vil ta tid, så det må ein ta etter kvart. Men til dømes i USA er college fotball like stort som vanleg fotball, så her er moglegheiter, seier Gjesdal.

Han fortel at dei er i rute til årets arrangement i mars, men at det er travelt.

– Det er for det første viktig å begynne treninga tidleg, for det er mykje å lære, samt at det er viktig for samhaldet, seier Gjesdal.

Han gler seg til å sjå om den nye idretten får fotfeste også andre stadar.

– Vi er veldig stolte av det vi har fått til i Førde. No må vi få til å starte lag på andre skular rundt omkring, seier Gjesdal.

Går akkurat rundt

Pengane som kjem inn på det årlege arrangementet i Førde, går med på å dekkje utgiftene til det, samt utstyr. For det kostar å drive med Arena Touchdown.

– Ein treng ein del utstyr, og det kostar. Kvart år må vi bestille inn ein del nytt, for det vert slite i løpet av ein sesong. Men vi går akkurat rundt, slik det er no, seier Gjesdal.