Hopp til innhold

Vil stå klar med behandlingstilbod til valdsoffera

Legevaktsjefen i Nordfjord seier dei er budde på å byggje opp eit behandlingstilbod i Nordfjord dersom kommunane ikkje vil halde fram samarbeidet om overgrepsmottak i Førde.

Bent Ingebrigtsen

KLARE: Legevaktsjef i Nordfjord meiner dei skal få til eit godt tilbod til dei som har vore utsett for vald i nære relasjonar.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Eg seier ikkje at vi klarar å lage eit like omfattande tilbod som i Førde, men eg meiner vi kan lage eit tilbod som har god nok kvalitet og som er nær innbyggjarane, seier Bent Ingebrigtsen, legevaktsjef i Nordfjord.

Han meiner det er feil å seie at behandlingstilbodet vert dårleg dersom kommunane i Nordfjord ikkje går vidare med samarbeidet om overgrepsmottaket i Førde.

Han har sjølv fått spørsmål frå kommunane i Nordfjord om kva ein kan gjere på legevakta i Eid (Nordjord interkommunale legevakt) dersom ein droppar samarbeidet.

– Då blir vi nøydde til å lage eit opplegg som ivaretar pasientar utsett for vald i nære relasjonar på ein betre måte enn det legevakta her har vore i stand til tidlegare, seier Ingebrigtsen.

(Artikkelen held fram under)

Katja Nielsen ved Overgrepsmottaket

UVISST: Framtida til overgrepsmottaket på Førde Sentralsjukehus er uviss.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK

Avventande i Nordfjord

Frå 1. januar vart ansvaret for personar utsette for seksuelle overgrep overført til helseføretaka. Ansvaret for personar utsette for vald i nære relasjonar er lagt inn under kommunane, ved legevaktene.

Overgrepsmottaket i Førde er organisert av Sunnfjord og Ytre Sogn interkommunale legevaktsamarbeid (SYS IKL). Dei ønskjer eit spleiselag med kommunane for å sikre god kompetanse og lik hjelp til offera i fylket.

Men Nordfjord-kommunane vore avventande. No har både Hornindal og Vågsøy sagt nei, medan Eid har sagt ja.

Valdsoffera skal få eit godt tilbod

Legevaktsjefen i Førde har sagt at han fryktar valdsoffera blir taparane om ikkje kommunane blir samde. Ingebrigtsen trur likevel dei skal klare å få til eit godt tilbod.

– Ingen i Nordfjord, verken mine kollegaer eller politikarane ønskjer noko anna enn det beste behandlingstilbodet, men så må ein sjå på kostnadane og vurdere kva ein kan prioritere, seier Ingebrigtsen.

– Vil de kunne klare å gje eit like godt tilbod?

– Det er ikkje snakk om å opprette eit fullverdig overgrepsmottak, men vi ønskjer å lage til prosedyrar for dei som jobbar ved legevakta, slik at ein kan handtere det på ein god nok måte.

– Eg tenkjer jo også at den legevakta som er meir lokal, kanskje står tettare i kontakt med hjelpeapparatet som skal følgje opp pasienten i tida etter eit overgrep, seier Ingebrigtsen.

Ressurskrevjande saker

Øystein Furnes

BØR SAMLAST: Kompetanse er viktig, seier legevaktsjef i Førde, Øystein Furnes.

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

Furnes meiner ikkje å kritisere nokon i Nordfjord, men at dei fort kan få seg ei overrasking. Han inviterer dei gjerne ned til Førde slik at dei kan sjå korleis dei jobbar.

– Ein må vere klar over kor krevjande slike saker er. Det er både tid- og ressurskrevjande og krev god kompetanse på området, seier Furnes.

Han legg til at dette gjeld relativt få saker i året.

– Vi er eit lite fylke, og i slike saker treng ein erfaring og mengdetrening for å gje eit godt tilbod.

Men trass blanda signal frå fleire Nordfjord-kommunar går det mot ei løysing for eit felles overgrepsmottak i fylket, seier Furnes.